Dersom du er interessert i å hjelpe menneske som treng bistand til eller avlastning for å kunne delta i kultur- og fritidsaktivitetar, vil vi svært gjerne høyre frå deg.
Bjørnafjorden kommune treng støttekontaktar av begge kjønn og i alle aldrar som kan jobbe oppdragsbasert knytt til barn, ungdom og vaksne.
Vi søker deg som er påliteleg og stabil, og helst over 18 år. Det er ein stor fordel om du har førarkort og disponerer bil. Det er ikkje krav om fagbakgrunn for å bli støttekontakt.
Våre støttekontaktar har ei årslønn på 440 832- 492 688 kroner. I tillegg får du dekka utgifter og kilometergodtgjersle innan gjeldande rammer. Arbeidstida er fleksibel etter avtale, og du kan få rettleiing ved behov i tillegg til svært meiningsfylte oppgåver.
Kven kan vere støttekontakt?
Du må
- ha gode samarbeidsevner
- ha respekt for andre menneske
- ha overskot til å gi av deg sjølv
- ha evne til å etablere kontakt
- vere trygg på deg sjølv
- kunne sette grenser
Det skal vere givande og hyggeleg å vere støttekontakt. Samstundes er det viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Alder, kjønn, personlegdom og interesser speler ei avgjerande rolle når vi skal kople støttekontakt og tenestemottakar.
Last ned brosjyre: For støttekontaktar i Bjørnafjorden kommune (PDF, 4 MB) (PDF, 4 MB)
Slik blir du støttekontakt
Fyll ut interesseskjemaet
Ta gjerne kontakt med oss i støttekontakttenesta på telefon 48032152 eller e- post: bebo@bjornafjorden.kommune.no
Praktisk informasjon til deg som alt er støttekontakt
Har du fått tilbod om å vere støttekontakt? Rettar og plikter
For at kommunen skal kunne betale ut godtgjersle, treng vi meir informasjon frå deg.
Fyll ut skjema for stadfesting av rettar og plikter, og send inn.
For deg som er støttekontakt: her finn du rapportskjema
Slik fører du timar. Her finn du lenker til Visma
Skal du fylle ut timeliste, reiserekning eller kreve refusjon for andre utlegg?
Slik går du fram