TorsdagsklubbenAktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med nedsett funksjonsevne. Vi møtest annankvar torsdag på Nore Neset ungdomsskule. Klubben har ca. 70 medlemmar, inkludert nokre frå Tysnes kommune. Sjå Torsdagsklubben sitt program våren 2026Frå nyttår skal Torsdagsklubben vere på Nore Neset ungdomsskule igjen. Vi held på same tidspunkt som i haust: kl. 17.30-19.30 Kontingent: Vi er tilbake til at vi må fakturere per gong på Torsdageklubben. Prisen blir 75 kroner per gong, ettersom matprisane stig. Vi reknar ikkje full porsjon til personalet, men litt mat - for å delta i måltidet. For at vi skal kunne fakturere per gong, må alle som deltar registrere seg når dei kjem til Torsdagsklubben. Dette må støttekontaktar og personalet ta ansvar for. Takk for at du ryddar etter deg, anten du er deltakar, tilsett eller støttekontakt!Innhald:Vi fortset med Klubbkveldar.Utedag. Denne dagen kjem det meir informasjon om. Her blir det eiga påmelding. Rockekonsert på Fusa, som i fjor. Her ventar vi på meir informasjon. Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Det er berre å ta kontakt!E-post: hvl@bjornafjorden.kommune.no, telefon 46840240Torsdagsklubben er eit populært samlingspunkt for menneske med nedsett funksjonsnivå i Bjørnafjorden og Tysnes kommune. Vi har òg eit kontaktnett som går over Austevoll, Samnanger og Vaksdal kommune. Torsdagsklubben har eit aukande tal medlemmar. Her sluttar ingen. Mål for TorsdagsklubbenÅ vere ein trygg sosial arenaAuke sosiale ferdigheiterÅ skape vennskap og samhaldÅ integrere den enkelte i lokalsamfunnetÅ skape meistring og medverknadÅ motverke mobbing og segregeringÅ jobbe for likeverd for alle i kommunen vår Sist endra 12.01.2026 15:12