Fritidstilbod for seniorar

Det skal vere godt å bli gammal i Bjørnafjorden! Vi har eit allsidig kultur- og aktivitetstilbod til seniorar i kommunen.

Frivillige lag og organisasjonar besøker Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter gjennom heile året.

Kultureininga tilrettelegg og samordnar aktivitetar og kultur for bebuarar på Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter. Arbeidet skjer i tett samarbeid med kommunale einingar, Os frivilligsentral, Bjørnafjorden eldreråd og frivillige lag.
Kultureininga har også ei aktiv rolle i det årlege kommunale seniorarrangementet Trygg i Bjørnafjorden, som går av stabelen kvar haust i Oseana kunst- og kultursenter.

Treff i Gymnasvegen 30 er framleis innstilt.

Aktivitetskalender for Luranetunet 

Kontakt

Grete Byrkjeland
Rådgjevar
Telefon: 94853607
Mobil: 94853607