Omdisponering og deling/arealoverføring

Eigar av landbrukseigedom kan søke om deling og/eller omdisponering av ein landbrukseigedom. Ein slik søknad behandlast etter Jordlova
 

Jordlova §9, Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida.

Departementet kan i særlege høve gi dispensasjon dersom det etter ei samla vurdering av tilhøva finn at jordbruksinteressene bør vika. Ved avgjerd skal det mellom anna takast omsyn til godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet og det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi. Det skal òg takast omsyn til om arealet kan førast attende til jordbruksproduksjon. 

Av Jordlova § 12 andre ledd går det fram at "Skal dyrka jord takast i bruk til andre formål enn jordbruksproduksjon, eller skal dyrkbar jord takast i bruk slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida, kan samtykke til deling ikkje gjevast utan at det er gjeve samtykke til omdisponering etter § 9."

Les meir på Landbruksdirektoratet sine sider
 

Søke om omdisponering eller deling av landbrukseigedom

Kontakt

Silje Tuft
Rådgjevar
Telefon: 92425914
Mobil: 92425914
Øystein Svalheim
Rådgjevar
Telefon: 56580140
Mobil: 95884074
Simon Rudolf Wolff
Leder
Telefon: 47285087
Mobil: 47285087
Til toppen