Ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve ved enkelthøve
Personar som ønsker å servere alkoholhaldig drikke i samband med eit lukka selskap eller eit bestemt høve kan søke ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve ved enkelthøve.
Ambulerande skjenkeløyve
- Blir brukt ved bryllaup, jubileum og liknande.
- Ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkestad, og gjeld berre skjenking til lukka selskap.
- Arrangementet må vera ope berre for inviterte gjester.
- Vanlege medlemsmøte i ei foreining oppfyller ikkje kravet i lova til lukka selskap. Klubbar med avgrensa medlemskap blir ikkje automatisk rekna som lukka selskap.
Du må søke om ambulerande skjenkeløyve dersom
- Du leiger lokale og fleire tenester av utleigar, til dømes vasking og servering.
- Du tar betalt for alkohol.
- Arrangementslokalet har serveringsløyve.
Skjenkeløyve ved enkelthøve
- Blir brukt ved enkeltarrangement som ikkje er lukka selskap.
- Ansvarleg skjenkestyrar må vere over 20 år.
Du må søke om skjenkeløyve ved enkelthøve dersom
- Arrangementet ikkje er for eit lukka selskap.
- Du inviterer/annonserer via annonsar, plakatar eller sosiale medier
Pris
Ambulerande skjenkeløyve til lukka selskap kostar 360 kroner per gong.
Skjenkeløyve ved enkelthøve kostar vanlegvis 600 kroner per gong.
Søk om ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve ved enkelthøve
Når får eg svar?
Saksbehandlingstida er inntil tre veker frå du har sendt oss all nødvendig informasjon.
Sist endra 15.01.2024 13:29