Etablerarprøva

 

Kven kan ta etablerarprøva?

Alle som ønsker det, kan ta etablerarprøva. Dersom du skal vere dagleg leiar av ein serveringsstad som serverer mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablerarprøva.

Slik går du fram

Alle i Bjørnafjorden kommune kan avlegge prøva her i kommunen eller i ein annan kommune. 

Ønsker du å ta prøva i Bjørnafjorden kommune, send e-post til post@bjornafjorden.kommune.no eller ta kontakt på telefon, sentralbord: 56 57 50 00  eller direkte tlf. 40 41 55 58.

Pensum

Du finn læremateriell til etablerarprøva på nettbutikken vinn.no

Kva kostar det?

Det kostar kr 400,- å avlegge etablerarprøva.