Omsetningsoppgåve og bevillingsgebyr Alle som har ei sals- eller skjenkebevilling må kvart år betale eit bevillingsgebyr til kommunen. Storleiken på gebyret avheng av kor mykje alkohol som blir selt. Opplysningar om alkoholsalet skal sendast til Økonomiavdelinga i Bjørnafjorden kommune i omsetningsoppgåva. Fristen for å levere omsetningsoppgåva er 1. april kvart år. Kva skjer viss du ikkje leverer oppgåva eller ikkje betaler gebyret?Viss du ikkje leverer omsetningsoppgåva innan fastsett frist, får du tildelt to prikkar.Om du ikkje betalar bevillingsgebyret innan fastsett frist får du ytterlegare to prikkar.Får du tolv prikkar eller fleire i løpet av to år, inndrar vi sals- eller skjenkebevillinga di i minimum ei veke. Korleis levere omsetningsoppgåva?Bevillingshavarar med fleire bevillingar må sende inn eitt skjema for kvar enkelt sals- eller skjenkestad. Skjemaet fyllast ut av styreleiar eller dagleg leiar i selskapet. Personar med fullmakt kan også sende inn skjemaet.Her kan du levere omsetningsoppgåva Lurer du på korleis du skal fylle ut og levere omsetningsoppgåva, sjå artikkelen Korleis levere omsetningsoppgåve? Kor stort blir bevillingsgebyret?Storleiken på bevillingsgebyret avheng av kor mykje alkohol staden selde året før, og kor mykje staden forventar å selje dette året. Satsar for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta. FakturaFaktura for bevillingsgebyret blir sendt ut når omsetningsoppgåva er mottatt og funne i orden.Økonomiavdelinga gjer òg etterberekning og etteroppgjer. Bevillingshavarar med høgare omsetning enn forventa får ein tilleggsfaktura, og bevillingshavarar med lågare omsetning enn forventa får tilbakebetalt delar av gebyret. Viss omsetningsoppgåva manglar ved avvikling av sals- eller skjenkebevillinga, gjer Økonomiavdelinga ei skjønnsmessig berekning av bevillingsgebyret. Sist endra 03.01.2024 15:12
Korleis levere omsetningsoppgåve? For å levere oppgåva, gå til Omsetningsoppgåve og bevillingsgebyr, der du finn lenke til digitalt skjema.Bevillingshavarar med fleire bevillingar må s...