Korleis levere omsetningsoppgåve?

For å levere oppgåva, gå til Omsetningsoppgåve og bevillingsgebyr, der du finn lenke til digitalt skjema.

Bevillingshavarar med fleire bevillingar må sende inn eitt skjema for kvar enkelt sals- eller skjenkestad. Skjemaet skal fyllast ut av styreleiar eller dagleg leiar i selskapet. Personar med fullmakt kan òg sende inn skjemaet.

Alle verksemder med salsløyve skal levere omsetningsoppgåve 1.april kvart år. I tillegg skal det leverast oppgåve for:

  • Ny verksemd - Viss staden har ny bevilling med drift frå dette året, skal det berre gi opp forventa omsetning. Bevillingshavar må sende inn omsetningsoppgåva så snart bevilling er innvilga. Det er ikkje naudsynt med revisorstadfesting.
     
  • Avvikling eller sal av verksemd - Bevillingsgebyret løper heilt til bevillinga blir sagt opp. Oppseiing av bevilling sender du til post@bjornafjorden.kommune.no. Viss sals- eller skjenkestaden blir avvikla eller selt, skal omsetningsoppgåva sendast inn så snart endelege omsetningstal er klare. Bevillingshavar må uansett sende inn omsetningsoppgåve med informasjon om verkeleg omsetning, som blir avrekna mot tidlegare innbetalt gebyr.
     
  • Drift på tidlegare eigar si bevilling - Den nye eigaren kan drive på tidlegare eigar si bevilling i inntil fire månadar frå overdraginga fann stad, medan søknad om ny bevilling blir behandla. Bevillingshavar må sende omsetningsoppgåve innan 14 dagar etter at søknad er sendt. Økonomiavdelinga sender faktura basert på forventa omsetning.

 

Vedlegg som må følge med oppgåva

Utan desse vedlegga blir omsetningsoppgåva å rekne som ikkje levert:

  • Fullmakt, dersom du ikkje er dagleg leiar eller styreleiar i selskapet. 
     
  • Revisor si stadfesting på tal på liter med alkoholhaldig drikke som blei omsett førre år, jamfør attestasjonsoppdrag ISAE 3000.
     

Kvifor må du ha stadfesting frå revisor?

For at storleiken på bevillingsgebyret skal bli riktig, har Os kommune beslutta at alle omsetningsoppgåver skal stadfestast av revisor (jf. Retningsliner for sals- og skjenkeløyve i Os kommune for perioden 2012-2016, godkjent i Os kommunestyre 08.05.2012). Dette gjeld også for selskaper som ikkje er revisorpliktige.

Krav til revisorstadfesta omsetningsoppåve gjeld ikkje for institusjonar eller organisasjonar som etter skattelova er fritekne for skatteplikt. Unntaket må dokumenterast. Les meir om fritak for skatteplikt her. 
 

Standard for attestasjonsoppdrag ISAE 3000

Revisoren skal nytta standard for attestasjonsoppdrag "ISAE 3000 - attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller begrenset revisjon av historisk økonomisk informasjon". Dette oppdraget skal resultere i ei uttale med revisoren si stadfesting på verksemda si omsetning av alkoholhaldig drikk oppgitt i liter. Føresetnaden for at stadfestinga kan verta gitt, er at vilkåra i ISAE 3000 er oppfylte.