Korleis få serveringsløyve?
Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve. Løyvet blir gitt til verksemda som eig serveringsstaden. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet under for å søke om serveringsløyve.
Endringar i løyveperioden
Dersom det skjer endringar i drifta i løpet av dei fire åra salsløyvet gjeld, til dømes skifte av styrar og avløysar eller endring i eigartilhøva, krev vi ofte ny godkjenning eller nytt løyve.
Løyvet fell bort dersom verksemda blir overdratt til andre. Verksemda kan likevel halde fram i tre månader på det eksisterande løyvet, under føresetnad av at kommunen blir underretta om endringa så snart som mogleg og seinast 30 dagar etter overtaking.
Søk om serveringsløyve
Når får eg svar?
Saksbehandlingstida er inntil fire veker frå du har sendt oss all nødvendig informasjon.