Velkommen til Os gjestehamn!Opne sonekart for Os gjestehamn og bubilparkeringaGjestehamnaDet er laga til eigne område for gjestehamna. Hamneleige (24 - 8) inkluderer overnatting og straum. Avgifta betaler du enkelt i appen GOMARINANæringskaien er prioritert for næringar og avgiftsbelagt etter kommunen sine satsar.Dersom det er ledig plass, kan fritidsbåtar legge til og betale vanleg avgift. Bubil- og caravanparkering i OsBubil- og caravanparkeringa har 10 plassar og ligg vakkert til på Haugsneset, med utsikt over Os hamn. Plassen er open heile året.Vi har også fire bubilplassar utan straum ved Vognhallen (Mobergsbakken 7, like over vegen for Peppes/Esso).Dusj og toalettDusj finn du i servicebygget. Lås deg inn ved hjelp av GoMarina-appen. Offentleg toalett finn du ved Os Taxi/Os busstasjon, Rådhuset, Oseana, servicebygget på kaia (mot betaling) og i restauranten Havnechefen på torget.TømmestasjonTømmestasjon ligg rett ved Esso-stasjonen. Sjå sone 1 i kartet.PrisHamneavgift for Os gjestehamn og avgift for plass på bubilparkeringa er kr 350,- per døgn for opphald mellom klokka 24 og 8.Slik betalar duDu kan enkelt betale hamneavgift i Os gjestehamn via appen GoMarina. Last ned GoMarina frå Google Play eller App Store. Du kan òg betale hamneavgift med bankkort i automaten på brygga.Har du spørsmål? Kontakt hamneansvarleg på telefon 56 57 53 50 Sist endra 16.05.2024 13:49