Google Maps
Bjørnafjorden kommune ligg vakkert til ved fjorden han har fått namnet sitt frå, 18 minutts køyretur sør for Bergen.
Her finn du fjell, fjordar og fossar. Du finn også levande kultur og historie, skisenter, badeland, ein fantastisk skjergard, lune gjestehamner, yrande båtliv og godt fiske.
Bjørnafjorden kommune såg dagens lys 1. januar 2020, etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa.
Bjørnafjorden har litt over 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 kommunalt tilsette.