Om nettsida bjornafjorden.kommune.noDet daglege ansvaret for nettsida bjornafjorden.kommune.no er fordelt slik: Ansvarleg redaktør (kommunedirektøren) har det overordna ansvaret for nettsida bjornafjorden.kommune.no. Områdesjefar, einings- og avdelingsleiarar er innanfor sine tenesteområder ansvarleg for at innhaldet på nettsida er korrekt. Innbyggjarservice har ansvar for organisering/presentasjon av innhald og grafisk utforming og er webredaktør for nettsida. Avdelinga har ansvaret for at tenesteinformasjon blir publisert, (utvalg/redigering/korrektur). Tenesteområda er ansvarlege for tenesteinformasjon på nettstaden. Dei som publiserer informasjon på Bjørnafjorden kommune sine nettsider, er ansvarleg for at dette er i tråd med gjeldande lovverk, retningsliner, opphavsreglar og andre reglar for publisering på Internett. ITHjelpa har ansvar for drift av kommunen sitt domenenamn bjornafjorden.kommune.no Leverandør, ACOS AS, har ansvaret for den tekniske utviklinga og drift av nettstaden. Sist endra 22.09.2023 09:44