Simen Soltvedt
Det kan vere møte kommunen vil planlegge og invitere til sjølve, som folkemøte og bransjetreff. Så langt vi klarer, vil vi òg vere tilgjengelege dersom vi blir invitert med i møte med næringslivet, lag og organisasjonar.
Kva skjer?
18. desember 2025. Kommunestyret vedtok planprogrammet for KPA.
Nyhende 3. desember 2025: Tilrår å avslutte KPA-arbeidet
Velkommen til folkemøte
Vi vil gjerne ha mange innspel frå dei som bur og lever i Bjørnafjorden. Men arbeidet med kommuneplanen sin arealdel er ein svær prosess, med dokument stappfulle av faguttrykk. Verkar det ugjennomtrengeleg? Det skjønar vi godt. Derfor inviterer vi til folkemøte, for å informere så godt vi kan, og svare på spørsmål.
Måndag 13. oktober 2025 klokka 18-20: gymsalen på Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen
Tysdag 14. oktober 2025 klokka 18-20: Tunet kyrkje- og kultursenter på Osøyro
På folkemøta vil det bli informasjon om planprosessen, korleis ein kan komme med innspel og det vil bli tid til å stille spørsmål.
Tysdag 20. mai 2025 klokka 18:
Ope møte i Kommunetunet i Eikelandsosen
Infokveld om Kommuneplanens arealdel (KPA)
Plan- og byggesakssjef Idar Landro informerer.
- Kva er eigentleg ein KPA?
- Korleis kan du som innbyggar kome med innspel?
Bestill avtale
Klikk på lenka for å bestille telefonsamtale eller møte med oss: