Fransisco Munoz / Bjørnafjroden kommune
Formannskapet skal behandle planprogram for KPA torsdag 4. desember. Saka kan du lese her: Møteplan - Bjørnafjorden kommune
Administrasjonen har lagt fram to forslag til vedtak, og måtte lande på ei tilråding. Det eine forslaget er å vedta planprogrammet etter at det no er justert. Det andre er å avslutte planarbeidet og heller starte med KDP for Bjørnafjorden aust og akvakultur.
Administrasjonen tilrår altså å avslutte KPA-arbeidet og gå vidare med KDP for Bjørnafjorden aust og KDP for Akvakultur. Årsaka til denne tilrådinga er at Statsforvaltaren i Vestland ikkje aksepterer at senterstruktur og bustadmønsteret i nyleg godkjent KDPA for Bjørnafjorden vest ligg fast.
Tilbakeføring til LNF?
I uttalen til planprogrammet foreslår Statsforvaltaren blant anna at vi tilbakefører bustadområda på Bjånes og Lysefjorden til LNF. Hovudtyngda av vekst skal kome i regionsenteret, og i andre senterområde skal det berre vere ein mindre vedlikehaldsvekst. Dermed må administrasjonen tydeleg signalisere til kommunestyret at dersom framdriftsplanen er viktig, så kan vi ikkje ta med KDPA for Bjørnafjorden vest i rulleringa.
Vi kan ikkje tilrå å fortsette med dei signala som kom i høyringa frå Statsforvaltaren i Vestland. Det var viktig for kommunedirektøren å synleggjere risikoen for framdriftsplanen for KPA, og at planprosessen blir konfliktfylt og usikker. Jussen er slik at Statsforvaltar ikkje kan ta omkamp på dei same konfliktane som er avklart i overordna planar i detaljreguleringsplanar. Men om vi opnar for å rullere KDPA for Bjørnafjorden vest, så kan alle konfliktar kome opp på nytt.
Stram framdriftsplan
Når kommunen må fokusere meir på vestsida i KPA enn føresett i utkast til planprogram, blir konsekvensane at det ikkje er mogeleg å fokusere ressursane våre på Fusa-sida, slik det er ei klar politisk forventning om at vi skal.
Kommunedirektøren kunne difor ikkje lande på ei anna tilråding enn å avslutte planarbeidet - så lenge planprogrammet framleis har ein stram framdriftsplan. Det er berre lagt til tre månadar for å sikre medverknad frå sektormynde etter at konsekvensutgreiing (KU) er levert.
Skal ha møte med statsforvaltaren
Det blir no jobba politisk for å kunne få nødvendige avklaringar for meklingsresultatet for KDPA for Bjørnafjorden vest og forståinga av denne. Det er avtalt eit møte med statsforvaltar Liv Signe Navarsete og ordførar Terje Søviknes for å avklare meklingsresultatet for KDPA for Bjørnafjorden vest, og uklarheter som blant anna har ført til varsel om motsegn til fleire detaljplanar i Lysefjorden. I dette møtet vil ein også kunne ta opp endringar av nasjonale retningslinjer som er kome etter at KDPA for Bjørnafjorden vest blei godkjent i 2023.
Tar imot arealinnspel
Planarbeidet fortset som før. Vi skal ta imot arealinnspel. Det blir uansett ein stor jobb å gjere neste år. Om vi ikkje rullerer KDPA for Bjørnafjorden vest i denne omgang , så er det i hovudsak næring, idrett og friluftsliv vi ikkje vil få finne nye areal til her ut frå det som ligg i planprogrammet.