Bjørnafjorden kommune ber om tilbod på ...kva for noko?
Når kommunen legg ut anbod på tenester over ein viss storleik, må vi, i tillegg til den nasjonale portalen Doffin, legge anbodet ut i EØS-portalen TED.
Kunngjeringa blir automatisk omsett frå norsk til engelsk. På ein måte.
Då Bjørnafjorden kommune tidlegare i vår la ut reinhaldstentester på anbod, gjekk noko sentralt tapt på vegen frå nynorsk til engelsk.
Og når utlysinga først er lagt ut i TED, blir ho visst liggande, sjølv om innkjøpsansvarleg i Bjørnafjorden kommune, Sissel Hermansen Riise, har forsøkt å gi beskjed om at omsetjinga har sine manglar.
Derfor ber Bjørnafjorden kommune no om tilbod frå heile EU på reindeer services.
Reinhald utført av reinsdyr.
KI
Som om det ikkje var nok, er “anskaffinga gjeld” omsett til “debt cleaning services”. (Her vel vi å ikkje kommentere vidare).
Slik gjekk det då TED skulle omsette "reinhaldstenester" og "anskaffinga gjeld..." frå nynorsk til engelsk.
Skjermknips frå TED
Sjå utlysinga i TED
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 30.04.2025 16:17