Vi har det trygt og stabilt her i landet, og er vane med at ting fungerer. Noko av det som likevel gjer oss sårbare, er at vi er heilt avhengige av m.a. straum, vatn og internett til dagleg. Dersom ei krise rammar, som kuttar straumen eller vatnet til bustaden din, må du vera førebudd på å greia deg med det du har.
Kva treng du og kva har du?
Kva treng du og familien din for å dekka grunnleggande behov som mat, varme, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang på informasjon? Tenk gjennom kva du har, og kva du treng der du bur. Sannsynlegvis har du alt mykje av dette – utan at du har tenkt på det som eigenberedskap.
På sikkerhverdag.no finn du forslag til eit «beredskapslager» for å klara deg i minst tre døgn – 72 timar. Tilpass lista til dine behov og din bustad. Du finn òg andre konkrete og nyttige råd på denne nettsida.
Eksempel på ting du bør ha heime for å greia deg i tre dagar utan straum og vatn
DSB
Med desse førebuingane har du kjøpt deg tid og rom til å planlegga vidare, dersom krisa skulle visa seg å bli langvarig. Samtidig bidrar du òg til at dei som treng det mest, kan få hjelp først.
Vi må hjelpa kvarandre!
Ordførar Trine Lindborg er opptatt både av eigenberedskap og av samarbeid. «Det er ikkje sikkert alle har alt som trengs i alle situasjonar. Då er det viktig at vener, familie og naboar kan hjelpa kvarandre,» understrekar ho.
20. oktober signerte ordføraren og leiarane i dei åtte lokallaga av Norske kvinners sanitetsforening (NKS) i Bjørnafjorden ein samarbeidsavtale om omsorgsberedskap. Sanitetskvinnene vil hjelpa kommunen med å gi omsorg til dei som treng det i ein krisesituasjon.
Oppmodinga frå Trine Lindborg er klar: Gjer som sanitetskvinnene og tenk over kva du kan bidra med for å hjelpa andre. Dersom du har vedomn, kan du kanskje invitera nokon som bur i ei kald leilegheit utan anna oppvarming enn elektrisk, heim til deg, viss straumen blir borte ei stund? Og tenk også gjennom kven som kan gi deg husly dersom det er du som ikkje held varmen eller av andre grunnar bør flytta ut.
Ordføraren formidlar òg gjerne vidare eit julegåvetips som dukka opp på sanitetsmøtet: Gi noko til eigenberedskapslageret! Eller kvifor ikkje utstyra vaksne ungdommar som «har alt» med ein eigenberedskapsbag eller -boks? Her er det berre å bruka fantasien!
Meir informasjon på fleire språk: