Folkehelse omfattar alt som påverkar helse, trivnad og livskvalitet. Barnehage, skule, vasskvalitet, korleis vi bur, fellesområde tilpassa alle aldrar og funksjonsnivå, tilgang til natur, aktivitet og sosiale arenaer - alt dette og mykje meir verkar inn på folkehelsa.
- Vi kan berre gjere noko med det vi kjenner til, seier folkehelsekontakt Anne-Lise Aaseng. Derfor blir det kvart fjerde år utarbeidd ei omfattande oversikt som viser korleis det står til med folkehelsa. Aaseng har leia arbeidet med Folkehelseoversikt 2023-2026, ein 100 siders rapport med fakta om folkehelsa i Bjørnafjorden.
Korleis kartlegge folkehelse?
Er folkehelsa i Bjørnafjorden betre eller dårlegare enn i landet elles? Er det store sosiale helseforskjellar i kommunen vår? Kor mange bryt lårhalsen i Bjørnafjorden, og kva kostar det samfunnet? Opplever ungdommane våre meir eller mindre utanforskap enn i andre kommunar? Kva grupper har levekår som påverkar helsa deira negativt? Desse og veldig mange fleire spørsmål finn du svar på i den heilt ferske rapporten frå folkehelsegruppa i kommunen.
Påverknadsfaktorar for folkehelsa. (Illustrasjon frå rapporten. Kjelde: FHI)Har kunnskapen, må finne tiltak
Folkehelselova slår fast at kommunen har plikt til å vite korleis det står til med levekår, helse og oppvekstvilkår i befolkninga, og til å sette i verk tiltak. Kommunen skal “fremme helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebygge sjukdom, skade eller liding, utjamne sosiale helseforskjellar og beskytte innbyggarane mot faktorar som kan ha negativ innverknad på helsa”.
Folkehelseoversikta peikar på utfordringane. Neste steg er at politikarar og tenester brukar kunnskapen i rapporten i utforminga av lokalpolitikken, og til planar, tiltak og prioritering. Kartlegginga av folkehelsa blir rett og slett eit nyttig verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø i Bjørnafjorden. Heile 90 % av verkemidla i folkehelsearbeidet ligg utafor helsesektoren, for eksempel handlar plan- og bygningslova mykje om folkehelse. Korleis omgivnadene våre er utforma har alt å seie for korleis vi kan leve liva våre i ulike livsfasar. Det er folkehelse i praksis.
Frivillig innsats viktig for folkehelsa
Lag og organisasjonar bidrar òg positivt til folkehelsa, mellom anna ved å legge til rette for fysisk aktivitet for alle generasjonar, og å skape inkluderande sosiale og kulturelle arenaer. I eit folkehelseperspektiv er samarbeid mellom kommunen og frivillig sektor heilt nødvendig.
For frivillige lag kan folkehelseoversikta vere ein døropnar når dei søker om midlar til tiltak dei vil satse på. Rapporten dokumenterer utfordringar og dermed også behov, og kan understøtte søknader sendt til ulike regionale og nasjonale tilskotsordningar.
Noko interessant for alle
Uansett kven du er og kva du driv med, finn du ganske sikkert tema i rapporten som påverkar deg og kvardagen din. Rapporten er tenkt som eit oppslagsverk, og du kan søke etter det som er mest relevant for deg. Her ligg heile raporten. Du kan enkelt bla deg fram til det kapittelet du er interessert i. (PDF, 5 MB)
Kva er eigentleg folkehelse?
Folkehelse er helsetilstanden i ei avgrensa befolkning, eit land eller ein region. Folkehelsa er noko anna og meir enn summen av dei enkelte innbyggarane sin helsetilstand. Omgrepet tar også opp i seg økonomiske, fysiske, psykiske og miljømessige forhold som påverkar helsetilstanden.
I internasjonal samanheng er folkehelsearbeid definert som bruk av vitskap og erfaring for å førebygge sjukdom, forlenge livet og fremje helse ved organisert arbeid i samfunnet, offentlege og private organisasjonar, forsamlingar og enkeltindivid.
Kjelde: Store medisinske leksikon