- Om lag 400 personar har tryggleiksalarm i Bjørnafjorden.
- Tryggleiksalarmen er på storleik med eit armbandsur, og kan berast rundt handleddet eller halsen. Når brukaren trykker på alarmknappen, kjem han til eit døgnbemanna responssenter som vurderer situasjonen og behovet for oppfølging.
- Som hovudregel skal pårørande stå som første kontaktperson ved alarm. Dei må då kunne svare på oppringing frå responssenteret og gi oppfølging ved behov.
- Dersom pårørande ikkje svarer eller kan rykke ut, vil responssenteret kontakte heimetenesta. Brukarar vil alltid få hjelp dersom dei utløyser alarmen, sjølv om pårørande ikkje er tilgjengelege.
Heimetenesta er alltid første kontakt for brukarar utan pårørande. - Personar med sjukdom, skade, liding eller nedsett funksjonsevne som fører til utryggleik og fall i heimen kan søkje om tryggleiksalarm. Helsetilstanden må hindre at det er mogleg å bruke mobiltelefon for å varsle.
- Tryggleiksalarm blir tildelt etter kommunen sine kriterium for tildeling, og etter heimebesøk for å kartlegge behov.
- Brukaren betaler ein månadleg sum for tenesta (kr 310-360 i 2026)
Les meir om tryggleiksalarm