Meld deg på gratis UKM-workshop laurdag 17. februar!

Er du mellom 13 og 20 år og glad i å danse, spele dataspel eller har du lyst til spele i band? 
Meld deg på gratis workshops med knallgode og inspirerande instruktørar laurdag 17. februar 2024!

Sara Wergeland/UKM

UKM Bjørnafjorden-workshops 

Dataspel
Dans
Band

Meld deg på workshop

Kva er UKM?

UKM står for Ung Kultur Møtast, og er ein møteplass kor kreativ ungdom mellom 13 og 20 år kan vise seg fram i samspel med andre.

Etter workshopen, har du kanskje lyst til å melde deg på den lokale UKM-festivalen i Bjørnafjorden 16. mars?

Kva kan du vise fram?

Alt mogleg (nesten)!

Song, dans, musikk, video, design, byggverk i Minecraft, ein tekst du har skrive, ein TikTok du har laga, eller noko anna - kulturomgrepet er stort og vidt! Du kan vise fram noko du allereie driv med, eller lære noko nytt gjennom UKM-workshopane, på/rundt/bak scena eller som arrangør. 

Les meir om UKM Bjørnafjorden 2024

UKM Bjørnafjorden blir arrangert i samarbeid med UKM Norge.