Bli med på UKM Bjørnafjorden!

UKM står for Ung Kultur Møtast, og er ein møteplass kor kreativ ungdom mellom 13 og 20 år kan vise seg fram i samspel med andre.

Martha Linnea Pukallus/UKM

Kva kan du vise fram?

Alt mogleg (nesten)!

Song, dans, musikk, video, design, byggverk i Minecraft, ein tekst du har skrive, ein TikTok du har laga, eller noko anna - kulturomgrepet er stort og vidt! Du kan vise fram noko du allereie driv med, eller lære noko nytt gjennom UKM-workshopane, på/rundt/bak scena eller som arrangør. 

Kva skjer?

Først går den lokale festivalen i UKM Bjørnafjorden av stabelen laurdag 16. mars (påmelding lengre nede på sida).
Eit fagpanel vel kva bidrag som går vidare frå lokalfestivalen til fylkesfestivalen, og deretter frå fylkesfestivalen vidare til UKM-landsfestivalen i Bodø 21.-25. juni 2024.

Sara Wergeland/UKM

Kven kan delta på UKM?

UKM er for aldersgruppa 13 til 20 år - frå og med det året du fyller 13 til og med det året du fyller 20. 
Dersom de deltar som ei gruppe, er regelen at halvparten av medlemmane må vere innanfor aldersgrensa, men ingen under 13 år (året dei fyller 13 år) kan sendast vidare til fylkesfestivalen. 
OBS! For konferansierar og arrangørar er aldersgrensa 15-20 år for fylkesfestivalen. Det vil seie at vi lokalt kan ha arrangørar som er yngre, men dei kan ikkje gå vidare til fylkes- eller landsfestivalen. 
For landsfestivalen har UKM Norge føringar på aldersgrense 15-20 år.

Christian Alsaker Henriksen/UKM

Delta på UKM-workshops 17. februar

UKM Bjørnafjorden workshops 2024

Dataspel

Bli med inn i spelverda og lær å sette opp turneringar saman med andre unge med interesse for gaming og e-sport.

Instruktør: Benjamin Fabio Matthiesen, aka Fabio frå 777 Esport. 777 Esport blei norsk meister i CS 2 i oktober 2023.

Stad: E-sportrommet til Nore Neset IL i den nye idrettshallen, Skeismyra 10, 5217 Hagavik.

Tid:
17. februar 2024, kl. 12-16

Aldersgruppe 13-20 år. 

Fabio Enzo.
Dans

Mairi inviterer danseglade ungdommar til ein gøy workshop med hip hop og groove, og fokus på bevegelse, rytme og meistring.

InstruktørMairi Jogiaas, ein danseaktivist som aldri sluttar å danse. Det beste ho veit er å dele dans med andre.

Stad: Os Aktiv, idrettshallen med inngang frå skuleplassen, Oshaugen 2, 5200 Os

Tid: 17. februar 2024, kl. 11-16

Aldersgruppe 13-20 år. Det er avgrensa plassar på kurset, så ver rask med påmeldinga!

Band

På bandverkstaden får deltakarane moglegheit til å spele saman i grupper, komponere sjølve, prøve seg på ulike instrument, synge og få rettleiing frå instruktørar. 

Instruktør: Tommy Haltbakk

Stad: Kulturskulen sine lokale i Os Aktiv, Oshaugen 2, 5200 Os

Tid: 17. februar kl. 11-16

Aldersgruppe 13-20 år. Det er avgrensa tal på plassar på kurset, så ver rask å melde deg på!

Meld deg på workshop

UKM-festivalen i Bjørnafjorden, laurdag 16. mars 2024

 Stad: Os aktiv, kl. 15-19.

Meld deg på UKM-festivalen i Bjørnafjorden 2024