Velkommen til folkemøte om kommuneplanen sin arealdel (KPA)I samband med oppstart av kommuneplanen sin arealdel (KPA) for Bjørnafjorden kommune 2027-2038, inviterer vi til folkemøte på begge sider av fjorden.Korleis skal Bjørnafjorden sjå ut i framtida? Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Tid og stad Folkemøte i EikelandsosenMåndag 13.oktober kl. 18-20 i gymsalen på Fusa vidaregåande skule.Folkemøte på OsøyroTysdag 14. oktober kl. 18-20 i Tunet kyrkje- og kultursenter. Kva er målet med planen?Arealplanen skal legge til rette for ei robust og berekraftig utvikling i Bjørnafjorden. Areal til bustadbygging, næringsutvikling, strandsone, vegar, vatn- og avløpssystem og offentlege tenester som skule, barnehage og helse- og omsorgstilbod er tema som står sentralt i planen.Kva er målet med folkemøta?På folkemøta vil kommunen informere om prosessen, viktige tidsfristar og korleis du kan gi dine innspel til utviklinga i Bjørnafjorden kommune.Les også: Du kan påverke korleis Bjørnafjorden skal sjå ut! - Bjørnafjorden kommuneMøt opp og bli med på å påverke framtida i kommunen din!Du er hjarteleg velkommen! Sist endra 03.10.2025 14:26