Du kan påverke korleis Bjørnafjorden skal sjå ut!

No startar arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, med austsida av kommunen i fokus. Kvar gong du ser eller høyrer forkortinga KPA frå i dag og fram til sommaren 2027, handlar det om korleis vi skal bruke arealet vårt i Bjørnafjorden kommune i perioden 2027-2038. Denne planprosessen påverkar alle bjørnafjordingar, derfor vil vi høyre kva du meiner! 

Simen Soltvedt

Oppstart av arbeid med kommuneplanen sin arealdel

Bjørnafjorden kommune startar no opp arbeid med kommuneplanen sin arealdel, og opnar for å komme med innspel til arbeidet. Kommuneplanen sin arealdel (KPA) er den store planen for heile kommunen som avgjer kva areala i kommunen kan brukast til i perioden 2027-2038.  

Målet for planarbeidet er å utarbeide den første felles arealdelen for kommuneplanen for Bjørnafjorden kommune, med hovudfokus på Bjørnafjorden aust, altså tidlegare Fusa kommune. Tema vi skal sjå på er mellom anna bustader, næring, offentleg føremål, natur og folkehelse, og å lage ein felles plan for sjøareala.  

Arealplanen for Bjørnafjorden vest, tidlegare Os kommune, blei vedtatt i 2023, den er altså ganske ny. Målet er at den skal ligge mest mogleg fast, men vi skal mellom anna sjå på behov for næringsareal og areal til offentleg føremål.

KPA skal skape rom for framtidig utvikling i kommunen. Planen skal følge opp måla for ønskt samfunnsutvikling og arealstrategiane i kommuneplanen. Alle kan sende inn framlegg om arealbruken i arealdelen til kommuneplanen, innanfor dei temaa som kommunen har bestemt at planprosessen skal handle om denne gongen.

To ting på ein gong

Planfolka i kommunen skal jobbe med KPA (kommuneplanen sin arealdel), fram til Bjørnafjorden kommunestyre gjer endeleg vedtak sommaren 2027. Her finn du tidslinja for planarbeidet.  

KPA-arbeidet er så omfattanade at lova krev at vi først utarbeider eit planprogam. Det vil i praksis seie ein plan for korleis vi skal lage planen. Det kan høyrast kronglete ut, men det må til. Viss vi berre begynner i ein tilfeldig ende kan vi hamne kvar som helst. 

Akkurat no skjer det derfor to ting samtidig: 

  • vi legg ut planprogrammet til gjennomsyn. Du har seks veker på deg til å sende merknader til planprogrammet.   
  • vi opnar samtidig for innspel om ny arealbruk. Innspelskjemaet er ope i fem månader. 

Planprogram

I planprogrammet skildrar vi mål og arealstrategiar for planen, og kva tema og oppgåver som blir vektlagt. Det blir gitt ei oversikt over planprosessen med viktige tidsfristar, og korleis Bjørnafjorden kommune vil informere og involvere innbyggarar, næringslivet, sektormynde og andre aktørar undervegs. Planprogrammet er no lagt ut til offentleg ettersyn. 

Her kan du lese planprogrammet. (PDF, 2 MB)

Har du merknader til planprogrammet? Send dei til oss seinast 31. oktober 2025. 

Innspela vi får inn, blir silt etter desse silingskriteria (PDF, 376 kB). Merk: Dokumentet er under arbeid. 

Send innspel til planprogrammet 

Innspel om ny arealbruk

Vi har også opna for å komme med innspel til ny arealbruk i kommuneplanen. Frist for innsending er 15. februar 2026.

Innbyggarane kan mellom anna komme med innspel om nye bustadområde på austsida av fjorden, næringsområde, hamneområde framfor eksisterande naustområde og område for naturmangfald, idrett og friluftsliv. 

Send arealinnspel

Dersom du har problem med utfylling av skjemaet, kan du ta kontakt med planavdelinga

Du kan òg få råd om utfyllinga på folkemøta. 

Velkommen til folkemøte

Vi vil gjerne ha mange innspel frå dei som bur og lever i Bjørnafjorden. Men arbeidet med kommuneplanen sin arealdel er ein svær prosess, med dokument stappfulle av faguttrykk. Verkar det ugjennomtrengeleg? Det skjønar vi godt. Derfor inviterer vi til folkemøte, for å informere så godt vi kan, og svare på spørsmål.     

Måndag 13. oktober klokka 18-20 i Eikelandsosen 

Tysdag 14. oktober klokka 18-20 på Osøyro 

Følg med her på heimesida, vi legg ut lokale straks det er bestemt. 

På folkemøta vil det bli informasjon om planprosessen, korleis ein kan komme med innspel og det vil bli tid til å stille spørsmål.