Barnehagane skal rapportere inn skriftleg tilsyn ein gong i året, ved å bruke dette elektroniske skjemaet.
Ved jamleg tilsyn vil eigar av barnehagen òg vera bevisst ansvaret sitt for barnehagen som verksemd etter "Lov om barnehagar" med forskrifter. Tilsynet som heilskap krev tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
Døme på tilsynsområde/tema kan vera om barnehagen følgjer rammeplanen for barnehagar i høve til innhald og fagområde, eller at barnehagen har tilstrekkeleg grunnbemanning i høve til heile plassar.
Sjå "Rutine for tilsyn med barnehagar i Midthordland kompetanseregion" (PDF, 399 kB) (PDF, 286 kB).
Kommunedirektøren har fått delegert mynde for tilsyn, men tilsynet vert utført av Oppvekst saman med kommunane i Midthordland kompetanseregion.
Sjå oversikt over tilsyn under etter kvart som dei blir gjennomførte.
Eventus Borgafjellet barnehage
Hjellemarka FUS barnehage