Familieråd - å finne gode løysingar for barnet

Familieråd er eit kommunalt tilbod til barn, ungdom og familiar som har behov for hjelp til å finne gode løysingar på det som er vanskeleg - anten det er heime, på skulen eller fritida. 

Kva er familieråd?

I eit familieråd blir familie, slekt, venner, naboar eller andre sentrale personar i nettverket inviterte til eit møte. 
Målet for møtet er å saman komme fram til ein plan som skal gjere livssituasjonen betre for familien - og spesielt for barnet eller ungdommen. 
Dette kan vere små, praktiske ting, som kven som kan hente på trening kvar torsdag eller kven kan hjelpe med matteleksene. Det kan òg vere andre og større ting som ein treng å finne løysing på for at kvardagen skal gå i hop, og livet bli litt enklare og meir føreseieleg for barnet.

Kva skjer i familierådet?

Kartleggingsmøte: Vi lagar situasjonsskildring og oppdrag til familierådet

Barnet/ungdommen og føresette har først eit kartleggingsmøte med fagansvarleg for familieråd i Familiens hus. 
Saman utformar vi eit oppdrag til familierådsmøtet - ei skildring av korleis situasjonen er no og i tillegg 3-5 spørsmål som familierådet skal svare på.

Når familien har sagt ja til familieråd, får dei tildelt ein familierådskoordinator.

Familierådskoordinator: Ein nøytral planleggar og tilretteleggar

Når familien har sagt ja til familieråd, får dei tildelt ein familierådskoordinator.

Familierådskoordinatoren er ein nøytral tilretteleggar som hjelper til med alt det praktiske ved planlegging og gjennomføring av familierådsmøta, og snakkar med alle som er inviterte. Koordinatoren skal ikkje meine noko om utfordringane som blir drøfta eller korleis dei skal løysast.

Saman finn vi ut av kven som kan vere aktuelle deltakarar i eit familierådsmøte. Det er barnet/ungdommen som skal bestemme kven i familien eller nettverket som skal inviterast til familierådsmøta. Dette kan vere til dømes onklar og tanter, besteforeldre, venner, naboar eller andre.

 

Slik blir eit familierådsmøte gjennomført

På familierådsmøta snakkar de om korleis situasjonen til barnet, ungdommen eller familien er i dag, og kva de skal gjere framover for å gjere situasjonen betre og enklare. Fortid og gamle hendingar skal ikkje vere tema i eit familieråd. 

Kvart møte består av tre delar:

Del 1: Familierådet får informasjon frå kommunen sine hjelparar, for å gi eit godt utgangspunkt for arbeidet med å finne løysingar.

Del 2: Familierådet jobbar utan at kommunen sine hjelparar deltar. Spørsmåla til familierådet blir diskuterte og det blir laga ein handlingsplan som skal ha tydelege og konkrete løysingar på korleis barnet/ungdommen/familien kan få det betre.

Del 3: Familierådet går gjennom planen med koordinatoren, for å sikre at planen er konkret og praktisk gjennomførbar. Vi avtaler dato for eit oppfølgande familierådsmøte, kor vi evaluerer og eventuelt justerer handlingsplanen.

Støtteperson, referent og ordstyrar

Barn og ungdom har rett til å medverke i avgjerder som gjeld dei sjølve. For å sikre dette, har alle barn/ungdommar som har familieråd ein eigen støtteperson. På førehand er det vald ut ein referent i nettverket. Referenten har ansvaret for utforminga av handlingsplanen, og at planen blir forståeleg for alle som skal lese han.
Det er i tillegg vald ut ein ordstyrar i nettverket. I del 2 av møtet er det ordstyrar som passar på at alle kjem til orde, at spørsmåla i oppdraget blir diskuterte, og at meiningane og ønska til barnet/ungdommen blir høyrde.

Rollene som ordstyrar, referent og støtteperson er viktige for at møtet skal bli så bra som mogleg for alle involverte.

Støtteperson for barnet/ungdommen

Barn og ungdom har rett til å medverke i avgjerder som gjeld dei sjølve. For å sikre dette har alle barn/ungdommar som har familieråd ein eigen støtteperson. 

Støtteperson er sjølvsagt også ein ordinær deltakar i familierådet, med moglegheit til å komme med innspel og forslag slik som dei andre deltakarane.
Du er spesielt utvald til det ærefulle oppdraget som støtteperson. Har du lyst til å vite meir eller drøfte spørsmål knytt til rolla di som støtteperson? Ta kontakt med familierådskoordinatoren. 

Støttepersonen sine oppgåver

  • Du skal ha eit spesielt fokus på å ivareta barnet/ungdommen før, i og etter familierådsmøtet.
  • Du skal hjelpe barnet/ungdommen slik at hans eller hennar ønske og meiningar blir høyrde og vurderte før avgjerdene blir tatt.


Når du har fått rolla som støtteperson, er det viktig at du snakkar med barnet/ungdommen så raskt som mogleg, og igjen like før familierådet. Barnet/ungdommen er gjerne spent og vil trenge informasjon om familierådet og kva som skal skje der. 

Kva treng barnet/ungdommen frå deg?

  • Nokre gonger treng barnet/ungdommen støttepersonen sin for å kunne seie kva dei ønskjer og meiner. Andre gonger treng dei deg for å kjenne seg trygge i samband med familierådet. 
  • Det som er viktig for barnet/ungdommen er ikkje alltid det same som er viktig for dei vaksne - derfor er det veldig viktig å spørje for å vere sikker på kva dei ønskjer og vil. 
  • Barnet/ungdommen vil ikkje alltid få gjennomslag for eigne meningar, men det er viktig at dei får uttrykke kva dei meiner og ønskjer. Målet er at barnet/ungdommen blir høyrt og forstått.

Under familierådsmøtet

Du sit gjerne ved sida av barnet/ungdommen. Ver merksam på behov og reaksjonar under møtet. Du kan be om pause dersom du meiner det er behov for å drøfte noko på tomannshand med barnet/ungdommen. Under gjennomgangen av handlingsplanen er det di oppgåve å sikre at synspunkta til barnet/ungdommen kjem fram på alle punkt i planen.

  • Barnet/ungdommen sine meningar og ønske kan formidlast på fleire måtar i familierådsmøtet. Om han eller ho ikkje ønskjer å ta ordet sjølv, kan dette bli formidla gjennom brev som du les opp på hans/hennar vegner, eller du kan fortelje familierådet kva dei ønskjer. 
  • De kan òg avtale at barnet/ungdommen er med på delar av møtet eller kan få gå ut og inn etter eige ønske osb. Hugs å orientere koordinator om slike avtaler. Det er viktig at barnet/ungdommen er til stades når familierådet skal bestemme ting som vedkjem han/henne. Saman med barnet/ungdommen og dei andre deltakarane finn du fram til den beste løysinga.

Etter familierådsmøtet: 

Snakk med barnet/ungdommen nokre dagar etter familierådsmøtet for å høyre korleis han/ho opplevde det. 

Referent

Referenten sine oppgåver:

Som referent har du ansvaret for utforminga av handlingsplanen, og at planen blir forståeleg for alle som skal lese han.

Du skal ikkje skrive ned alt som blir sagt. Du skal berre skrive ned det de i familierådet blir einige om. Drøft med dei andre deltakarane om du blir usikker på kva du skal skrive og korleis du skal formulere planen. Du får utdelt ein mal for handlingsplanen. Handlingsplanen blir ikkje endra etter møtet.

Handlingsplanen er eit viktig dokument for familien etter familierådsmøtet. og skal evaluerast i neste rådsmøte. Handlingsplanen blir sendt ut til alle deltakarane. Du som er referent les opp planen når familierådskoordinatoren kjem inn igjen i del 3 av møtet.

Ordstyrar

Barnet/ungdommen og familien har valt nettopp deg til å ha oppgåva som ordstyrar i familierådet.

I del 2 av møtet er det ordstyrar som passar på at alle kjem til orde, at spørsmåla i oppdraget blir diskuterte, og at barnet/ungdommen sine meiningar og ønske blir høyrde. Dersom du har spørsmål om rolla som ordstyrar, ta kontakt med familierådskoordinatoren.

Ordstyrar sine oppgåver:

  • Etter kvart spørsmål som de tar opp, sjekkar ordstyrar med barnet/ungdommen om svaret er i tråd med det han/ho oppfatta var diskusjonen, og om barnet/ungdommen har kommentarar til formuleringa i planen. 
  • Ordstyrar har ansvar for pausane. Du skal òg vurdere om det er behov for å hente familierådskoordinatoren inn i møtet for informasjon eller avklaringar.
  • Nokre gonger må ordstyraren passe på at diskusjonane ikkje blir for omfattande. Det er berre spørsmåla som skal drøftast. Ordstyrar sikrar at familierådet får laga handlingsplanen. 
  • Av og til blir det mange følelsar i eit familieråd. Då kan det vere nyttig å hugse på at familien har valt nettopp deg til ordstyrar, og at dei har tillit til at du finn gode løysingar for barnet/ungdommen også i slike situasjonar.

Kven kan be om familieråd?

Både offentleg tilsette, barnet sjølv eller foreldre kan ta kontakt med oss.
Kjenner du nokon som kanskje kunne ha behov for eit familieråd? Eller ønskjer du å høyre meir om tilbodet? Ta kontakt!
 

Sjå denne fine, korte filmen om familieråd. Filmen er laga av Voksne for barn

Kontakt

Familieråd i Bjørnafjorden kommune Fagansvarleg familieråd Emilie Rastum
Telefon: 91104218