Om journalføring
Helsestasjonen har plikt til å føre journal med helseopplysningar. Vi skriv i journalen det vi som helsepersonell pliktar å nedteikne, og det vi ut frå ei fagleg forsvarleg vurdering finn nødvendig og hensiktsmessig. Journalen skal i hovudsak bidra til kvalitet og kontinuitet i behandlinga, slik at barnet får best mogleg oppfølging på helsestasjonen. I sped- og småbarnsalderen, og så lenge det er naturleg, er det dei føresette som ivaretar rettane til barnet som brukar av helsestasjonen.
Om innsynsrett, overføring av journal og registrering i SYSVAK
Innsynsrett
Føresette har som hovudregel rett til innsyn i samtlege opplysningar som omhandlar barnet (fram til barnet er 16 år). Dersom du ønskjer innsyn i din eigen eller ditt barn sin journal, kan du søke om det via dette skjemaet.
Overføring av journal
Hovudregelen er at journalen skal overførast til ny helsestasjon ved flytting for å sikre fagleg forsvarleg oppfølging. Dersom de har spørsmål i samband med overføring av journal, kan de ta dette opp med helsestasjonen før de flyttar.
Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK
Alle vaksinar som barnet får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, blir registrerte i SYSVAK. Formålet med registeret er å halde oversikt over vaksinasjonsstatus hos kvart enkelt barn, og å følge med på vaksinasjonsdekninga på landsbasis. Det er ikkje høve til å reservere seg mot registrering av vaksinasjon.