Dette kurset er eit tilbod til førstegongsforeldre busett i Bjørnafjorden kommune som ønskjer å førebu seg på fødsel, amming, barseltid og foreldrerolla.
- Dersom det er få påmeldte, kan det bli endring i kursdatoar.
- Det er plass til 16 deltakarar på kurset, og du/de vil få tilbod om det kurset som passar i samband med termindato.
- Dersom du/de ikkje skulle få plass på kurset, vil du/de få tilbod om amme- og fødselsførebuande samtale med jordmor.
Sjå kursdatoar og kursinnhald for 2024
Kven passar kurset for?
Alle førstegongsfødande rundt svangerskapsveke 30.
Pris
Kr 200,- Lett servering.
Stad
Kurset går føre seg i Dragesetbygget i Os sentrum, 3. etasje (inngang frå Øyro, ved Lysthuset).
Google Maps
For meir informasjon og påmelding
Ring 56 57 51 64 eller send e-post
Bindande påmelding.
Sist endra 05.02.2024 14:01