Klage på helse- og omsorgstenester

Her finn du informasjon om korleis du kan klage på ei teneste eller eit vedtak.

Klage på teneste

Når du er misfornøgd med korleis ei teneste blir utført

Dersom du er misfornøgd med helsetenestene du får, bør du først ta munnleg eller skriftleg kontakt med den avdelinga som leverer tenesta. Ver tydeleg på kva du er misfornøgd med, og kva du ønsker å endre. 

Dette gjeld når 

  • du klagar på kvalitet, oppleving eller gjennomføring.
  • du klagar på manglande oppfølging.
  • du klagar på dårleg kommunikasjon.

 

Send klage på teneste

Klage på vedtak

Når du meiner at sjølve vedtaket er feil

Vi går gjennom vedtaket på nytt, og ser om det bør endrast. Dersom vedtaket ikkje blir endra, sender vi klagen vidare til Statsforvalteren i Vestland, som avgjer saka. 

Dette gjeld når

  • klagen omhandlar innhaldet i sjølve vedtaket
  • du meiner kommunen har gjort ei feil vurdering 
  • du har fått avslag på ei teneste
  • du har reduksjon i timar eller liknande.
  • klagen skal behandlast etter forvaltningslova, med klage til Statsforvaltaren. 

Send klage på vedtak

Når går saka til Statsforvaltaren?

Statsforvaltaren i Vestland 

  • er klageinstans for vedtak om helse- og omsorgstenester.
  • vurderer om kommunen har gjort ei forsvarleg og korrekt vurdering.
  • kan oppheve, endre eller stadfeste kommunen sitt vedtak. 
  • gir òg rettleiing om klagerettar. 

Les meir hos Statsforvaltaren i Vestland

Treng du hjelp til å klage?

Dersom du treng hjelp eller rettleiing i klagesaka, kan du ta kontakt med avdelinga som utfører tenesta, eller Avdeling for forvaltning og koordinering (AFK) på telefon eller e-post. Telefontida til AFK er måndag, tysdag, onsdag, fredag klokka 10-14. Torsdag er telefonen stengt.
 

Vil du helst sende klagen i posten?