Individuell tilrettelegging for vaksne

Opplæringslova §11-13 skisserer eit todelt mandat for PPT som må sjåast i samanheng:  

  • støtte skulane i arbeidet med kompetanseheving og organisasjonsutvikling, tilrettelegging i det ordinære opplæringstilbodet og setje inn tiltak så tidleg som mogleg der det trengst
  • utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det

Dette seier lova om individuell tilrettelegging

Det som tidlegare heitte spesialundervising er no delt inn i § 11-4 personleg assistanse, §11-5 fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel og § 11-6 individuelt tilrettelagd opplæring. Det er berre § 11-6 som krev sakkunnig vurdering før rektor kan fatte enkeltvedtak. 

Førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne inneber rett til tilpassa og individuelt tilrettelagd opplæring dersom den vaksne ikkje har tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet. Lovreglane er regulert i § 19-5 om tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar og § 19-6 opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter i den førebuande opplæringa for vaksne. 

Har du spørsmål? Kontakt PPT

Det er vaksenopplæringa som drøftar og vidareformidlar ei eventuell tilvising til PPT. Dersom du lurar på om det er aktuelt med individuelt tilrettelagd opplæring, kontaktar du først vaksenopplæringa. Du kan òg ta direkte kontakt med PPT med spørsmål. PPT arbeider ikkje i enkeltsaker utan samtykke frå den vaksne og/eller verge. Systemstøtte til skulen på gruppenivå krev ikkje samtykke frå den enkelte.

 

PPT i Bjørnafjorden kommune

Pedagogisk-psykologisk teneste er ein del av "Familiens hus" i Bjørnafjorden kommune. Familiens hus er ikkje eit faktisk, fysisk hus. Det er ein måte å organisere tenester til barn, unge og familiar på.

PPT høyrer heime i eininga Barn, unge og familiar, ein av tre einingar i Familiens hus. 

Slik når du PPT på telefon 

Ring Familiens hus på 56 57 51 00
Tast 2 for Barn, unge og familiar,
deretter tastar du 4 for PPT

Send e-post 


 

Kontakt

Annveig Myklebust Fjellstad
Leder
Mobil: 41235723