Kven er logopedtenesta?Vi i logopedtenesta er ein del av PPT i Bjørnafjorden kommune. Logopedtenesta er eit lågterskeltilbod. Det betyr at barn kan få direkte hjelp frå logopedtenesta utan at dei først må ha vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.Kva gjer vi?Logopeden kan jobbe direkte med barn som harvanskar med uttale og språklydar, det kan for eksempel vere at barnet byter ut ulike lydar eller kutter ut stavingar/lydar i ord. vanskar med taleflyt, som stamming og løpsk tale.stemmevanskar (bør sjekkast hos øyre-nase-hals-lege først).Dersom vanskane skildra over er ein del av eit større vanskebilete, for eksempel at barnet har andre språkvanskar/diagnosar, vil logopedtenesta ofte ha ei meir rettleiande rolle. Ta gjerne kontakt med barnet sin barnehage eller skule for å drøfte behov for logoped. Barn får vanlegvis tilbod om treningsøkter kvar veke, i ein periode på inntil 10 veker. Den direkte hjelpa består av periodar med trening og pausar. Treninga skjer vanlegvis i barnehagen eller på skulen, men barnet kan også kome saman med føresette til logopeden sitt kontor.Slik kjem du i kontakt med logoped Lurer du på om barnet ditt treng logoped, kan du ta kontakt med barnehagen eller skulen din for å drøfte vanskane. Du kan òg sende e-post til logopedtenesta@bjornafjorden.kommune.no. Når du har drøfta vanskane til barnet ditt og blitt anbefalt å søke logoped, kan du gjere det via dette digitale skjemaet. Har du andre spørsmål til logopedtenesta, eller vil du at vi skal ta kontakt med deg? Send oss ein e-post med telefonnummeret ditt, så tar vi kontakt.NB! Ikkje skriv sensitiv informasjon som helseopplysningar eller hjelpebehov på e-post. Sist endra 22.10.2024 16:15