Kulturplan for skulane i Bjørnafjorden
Alle elevar i Bjørnafjorden-skulane skal få høve til utvikling av eigen identitet gjennom bruk av kunst og kultur. Gjennom møte med kunstnarar og kulturarbeidarar skal dei få hjelp til å utvikle og styrka si eiga skaparevne.
Tiltaka i kulturplanen dekkjer fleire av klassestega og alle elevar på kvart steg (Heile kommunen).
Kulturplan for skulane er organisert av Kultureininga i Bjørnafjorden kommune, og inneheld lokale tiltak:
- Eventyrforteljing og dramatisering for 1. steg
- Besøk på Naturgalleriet til Helge Haukeland på 3. steg.
- Dans på 5. steg.
- Forfattarbesøk på 7. steg.
- Filmkurs på 8. steg.
- Oselvardag på 9. steg.
Dei fleste tiltaka og aktivitetane er knytt til lokalmiljøet, og tek utgangspunkt i nasjonale og lokale læreplanar. Desse aktivitetane er finansiert via Den kulturelle skulesekken.
Skulane får i tillegg tilbod frå Den kulturelle skulesekken i Vestland.
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 04.07.2022 10:01