Informasjon om føring av fråvær på vitnemålet
Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet frå og med 8. trinn. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar. I enkelte tilfelle er det likevel mogleg å søkje om fråtrekk av fråvær.
Reglane for fråtrekk av fråvær finn du i §9-53 i forskrift til opplæringslova
- Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet, dersom dei legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
- Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skuleår ikkje blir førte på vitnemålet, dersom
a) det er dokumentert med legeattest at årsaka til fråværet er sjukdom eller andre helseforhold.
b) eleven har fått godkjent permisjon etter opplæringslova §2-2 fjerde ledd
- Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for å ikkje bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast.
- Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.
Søk om fråtrekk for fråvær
Sist endra 02.10.2024 10:57