Høyring: Sei meininga di om skulereglane

I august fekk Noreg ei ny opplæringslov. Lova inneheld reglar som gjeld for skulen og opplæringa. I den nye lova står det at kommunen skal lage skulereglar. Skulereglar er det samme som fram til no er blitt kalla «ordensreglement». Elevar, lærarar, foreldre, føresette og alle andre i Bjørnafjorden kan få seie meininga si om forslaget til nye skulereglar. Fristen for å sende uttale er 29. november. 

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Her kan du lese forslag til skulereglar. (PDF, 184 kB) 

Lenke til høyringsskjema finn du nedst i artikkelen. 

Frå ordensreglement til skulereglar

Skulereglar er det samme som fram til no er blitt kalt ordensreglement. Det er fleire grunnar til at «ordensreglement» skal bytte namn til «skulereglar»:

  • «Skulereglar» er eit mindre gamaldags ord enn «ordensreglement»
  • Skulereglane skal ikkje berre ha reglar om kva som er god orden, men òg om kva som er god oppførsel, kva som ikkje er tillate, kva skulen kan gjere dersom du bryt reglane og om korleis skuledemokratiet skal vere.

Skulereglane er felles for alle skulane

I Bjørnafjorden har vi laga eit forslag til felles skulereglar som skal gjelde for alle skulane i kommunen. Men fordi skulane våre er ulike, har vi samtidig laga ein regel som opnar for at skulen kan lage nokre reglar sjølv. Skulen sine eigne reglar kan ikkje vere i strid med fellesreglane, men kjem i tillegg. 

Elevane skal få medverke

Elevane skal få vere med å lage reglane og seie korleis dei bør vere. Å lage skulereglar er ein viktig del av skuledemokratiet. Skulereglane skal handle om det som er viktigst for deg og medelevane dine på skulen.

Om mobiltelefon på skulen

Nasjonale myndigheiter har anbefalt at alle barneskular og ungdomsskular lagar reglar som seier at elevane ikkje skal bruke mobiltelefonar eller smartklokker på skulen – verken i timane eller i friminutta. Samtidig seier myndigheitene at det er opp til kvar kommune å bestemme korleis det skal vere i deira kommune.

I Bjørnafjorden har vi foreslått at det skal vere mobilfritt på skulen. Kva synest du om dette? Er det ein grei regel? Er det greitt å ha samme regel for alle skulane, eller bør skulane, trinna eller klassane sjølve få bestemme reglane for kvar, når og korleis elevane kan bruke mobiltelefon?

Elevane har rettar og plikter

Retten til å medverke er ein av rettane du har som elev. Du har òg rett til å bli høyrd, til å få informasjon og til å seie meninga di. Skulen skal lytte til deg og legge vekt på meininga di når dei bestemmer. Det betyr ikkje at du automatisk får det som du vil, men at skulen skal tenke på kva som er di oppleving og dine tankar om ei sak.

Skulen skal alltid prøve å handle slik at det vil vere til det beste for deg. Dette kallar vi «barnets beste». «Barnets beste» er ein regel som står i FNs barnekonvensjon og i Noregs lovar - både i Grunnlova og i opplæringslova. Derfor gjeld denne regelen òg for skulereglane og i kvardagen din på skulen.

Som elev har du òg plikter. Blant anna har du plikt til å møte på skulen, gi beskjed om du er sjuk, delta aktivt i opplæringa og gjere skulearbeidet så godt du kan. Du har òg plikt til å behandle andre fint og bidra til at det er trygt og godt for alle å vere på skulen.

Mange av rettane og pliktene du har som elev, står i kapittel 10 i den nye opplæringslova. Nokre rettar og plikter står òg i skulereglane. Som sagt kan ikkje kommunen eller skulen sine eigne reglar vere i strid med andre lover og reglar. Skulen sine reglar kan derfor ikkje ta frå deg for eksempel retten til å bli høyrd eller til å medverke i avgjerder som gjeld deg.

Reglar om skuledemokratiet

I dagens opplæringslov er det bestemt at alle skulane skal ha eit elevråd, eit foreldreråd, eit samarbeidsutval og et skulemiljøutval. I den nye lova får kommunane og skulane lov til å bestemme sjølv korleis dei vil organisere skuledemokratiet.

I den nye opplæringslova, og i forslaget til skulereglar i Bjørnafjorden, er det sett som ein hovudregel at alle skular skal ha eit elevråd og eit foreldreråd. Samtidig har vi sagt at de kan velje å organisere dykk annleis. Dersom de ønsker å organisere skuledemokratiet på ein annan måte på din skule, må de lage eigne reglar om dette.

I forslaget til felles skulereglar i Bjørnafjorden har vi òg laga ein regel om at kvar skule skal ha eit samarbeidsutval. Vi har skrive om kven som skal vere med i samarbeidsutvalet og litt om korleis utvalet skal arbeide.

Viss du bryt skulereglane

Skulereglane inneheld òg reglar om kva slags tiltak skulen kan bruke dersom du bryt reglane for god orden og oppførsel. Skulen kan berre bruke tiltak som står i skulereglane. Tiltak som ikkje står i skulereglane – for eksempel gjensitting – kan ikkje brukast.

Tiltaka skal stå i forhold til kor alvorleg brotet på skulereglane er. Målet med eit tiltak skal ikkje vere å straffe eleven, men å reagere slik at eleven forstår kva for ein regel som er broten, og bidra til at eleven følger regelen i framtida. Viss du har brote ein regel, kan ikkje heile klassen bli straffa for det.

Det mest alvorlege tiltaket skulen kan sette i verk, er å vise ein elev bort fra undervisninga. Dette er eit tiltak skulen berre kan bruke i heilt spesielle unntakstilfelle og ved fleire og grove brot på skulereglane. 

Sei meininga di!

Elevar, lærarar, foreldre, føresette og alle andre i Bjørnafjorden kan få seie meininga si om forslag til nye reglar. Vi oppfordrar særleg elevane til å sende inn meininga si, gjerne gjennom klassen sin representant i elevrådet. Vi ønsker blant anna elevane sine tankar om desse spørsmåla:

  • Er reglane enkle å forstå?
  • Kva reglar støttar de? Er det reglar de ikkje ønsker å ha med i skulereglane?
  • Korleis ønsker de å vere med og bestemme i skulekvardagen?
     

De står òg fritt til å uttale dykk om andre ting de synest er viktige. Alle innspel vil bli vurdert før eit endeleg forslag til felles reglar for skulane i Bjørnafjorden blir lagt fram for og bestemt av Bjørnafjorden kommunestyre.

Send innspel 

 Fristen for å seie meninga si er 29.11.2024.