
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og 12-9 varslar Sweco Norge AS oppstart av detaljregulering og legg forslag til planprogram på høyring for Korsabrumyrane næringsområde gnr. 12 bnr. 12, 14 og del av 6 i Bjørnafjorden kommune.
Om planarbeidet
Føremålet med planen er å legge til rette for utbygging av næringsareal i tråd med gjeldande kommunedelplan for Bjørnafjorden Vest, der planområde er avsett til næringsføremål. Planforslaget vil opne for etablering av næringsbygg for logistikk, industri, lager og verkstader, som eit supplement til Lyseparken næringsområde.
Planforslaget vil bli utearbeida som ein detaljreguleringsplan med konsekvensutredning i samsvar med plan- og bygningslovas §§ 12-9 og 4-2.
Høyring av forslag til planprogram
Med dette varselet vert også forslag til planprogram for Detaljregulering av Korsabrumyrane næringsområde lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-9. Bjørnafjorden kommune har sett krav om konsekvensutgreiing i medhald til forskrift om konsekvensutgreiing, der ein skal utgreie planforslaget sine verknader på miljø og samfunn. Forslag til planprogram er utearbeida i samråd med kommunens administrasjon og er tilgjengeleg elektronisk på Kunngjøringer - Sweco Norge.
Saksdokument finn du her
Her kan du sjå kart
Kom med innspel her
Ver vennelg å vis til saksnummer 25/24502