Den 13.02.25 varsla kommunen oppstart av områdeplan for Bergstø,Søfteland, 8/3. Kommunen har valt å avslutte arbeid med områdeplanen med planomriss heilt til Joker. Kommunen vil gjere om prosjektet til ei detaljregulering berre for idrettsanlegg på Bergstø. Dette vil gjere at vi held oss innafor økonomiske rammer for planprosessen.
Kommunen varslar dermed oppstart av arbeid detaljregulering av Bergstø, Idrettsanlegg 8/3.
Frist for uttale settast til 24.11.25
Eventuelle uttalar og spørsmål kan sendast til: post@bjornafjorden.kommune.no Vær vennleg å merk spørsmål eller uttale med saksnummer: 25/22958
Merknadar/Uttalar frå varsel om oppstart av områderegulering for Bergstø 8/3 vil bli tatt med vidare i denne saka, i den strekning dei omtalar problemstillingar innanfor det nye planområdet.
Formål med planen
Føremålet med områdeplanen er å planlegge for etablering av ny fotballbane på Søfteland med klubbhus, tilkomst og anna nødvendig infrastruktur. Det er og lagt opp til å regulere delar av Bergstø gard i tråd med gitt konsesjon. Det er planlagd at parkering ved Søfteland skule skal nyttast som parkering for fotballbane. Likevel vil vi sjå på og vurdere eige
parkering innafor planområdet. Det vil uansett sikrast nokre parkeringsplassar tilpassa HC og drift av klubbhus og bane.
Bakgrunn for planarbeidet
Bakgrunnen for planen er behov for ny fotballbane på Søfteland. Frå dagens fotballbane forsvinn det granulat ut i Oselva. Ny bane på del av gnr/bnr 8/3 og 8/5 blir vurdert å vere meir eigna både av trafikktryggleiksomsyn og moglegheiter for sambruk med Søfteland skule. I tillegg vurderar vi det som ei arealmessig betre løysing for ein ny bane som stettar gjeldande miljøkrav, enn ved utbetring av bana på Stilvoll