
Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring etter forenkla prosess i høve reguleringsplan for Halhjemsmarka III felt B3 samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 - 2. ledd, og forvaltningslova § 28.
Følgande endringar er vedtatt:
Arealføremålsendring frå bustadblokk til konsentrert småhusbusetnad, endring i høve byggehøgd, parkering, utnyttingsgrad, fjerning av avkøyrslepil, samt endringar i forhold til forkortingar/nemningar i plankart og føresegner. Illustrasjonsplan er revidert og datert 07.02.2025.
Det er gjort endringar i plankart og føresegner.
Vedtaket er avgjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.
For meir informasjon om vedtaket klikk her.
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er den 29. april 2025. Klagen skal inneholde konkret bakgrunn for klagen og kva ein ynskjer. Klagen sendast til post@bjornafjorden.kommune.no