Åslaug Bergsvåg
Bruk av alle typar fareskilt er strengt regulert i Statens vegvesen sin handbok, også kalla skiltnormalen.
Fareskilt skal berre nyttast for å varsle
- om fare det er vanskeleg å oppfatte i tide,
- om fare som er vesentleg større enn det du må forvente ut frå omgivnadene, lokale trafikkforhold eller utforminga av vegen.
Fareskilt barn (fareskilt nr. 142) varslar om stad på eller langs vegen der barn ofte ferdast eller oppheld seg nær skule, barnehage, leikeplass eller anna. I bustadområde, der ein må rekne med at det bur familiar og barn, er kriteria ikkje innfridd.
Ønsker du at vi skal sette opp «fareskilt barn» på ein kommunal veg? Fyll ut skjema for meldingar om veg, trafikk og trafikkforhold.
Før du melder, hugs å sjekke om det er kommunal veg (sjå første punkt “Kven eig vegen”).
Skiltet “Barn leikar”
Det er berre skilt i skiltnormalen som er lovleg å bruke på offentlege vegar. Skiltet «barn leikar» er ikkje eit offentleg vegskilt, og det er derfor ikkje tillate å bruke på kommunale vegar. Dette skiltet kan du derfor ikkje søke om her.
På privat veg kan «barn leikar»-skilt settast opp med løyve frå vegeigar.