Akutt forureining er utslepp over ei viss mengde som krev øyeblikkeleg handtering, til dømes:
- utslepp ved transport av olje og kjemikalier
- utslepp frå fartøy
- industriutslepp
Kva er ulovleg forsøpling?
Forureiningslova § 28 fastset at det er forbode å tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet.
Avfall er i forureiningslova § 27 definert som «løsøregjenstander eller stoffer som noen har kassert, har til hensikt å kassere eller er forpliktet til å kassere».
Døme på ulovleg forsøpling:
- ulovleg deponering av avfall i naturen
- samling eller etterlatne bilvrak og båtar
- skjemmande avfall
- deponering av jord, steinmassar, bygningsmateriell m.m.
- brenning av avfall
Ulovleg fylling/deponering av jord- og steinmassar blir meld vidare til byggesaksavdelinga for vurdering av oppfølging etter plan- og bygningslova.
Det kan i nokre tilfelle vere tvil om saka gjeld forsøpling, om avfallet inneber fare for forureining, eller om det er privat eller kommunal eigedom. Dersom du ikkje har informasjon om alle forhold som det blir spurt om i skjemaet, så er det viktigaste at du melder frå om kvar forsøplinga skjer og skildrar kva type forsøpling du trur det gjeld.
Samarbeid med BIR om tilsyn i forsøplingssaker
Bjørnafjorden kommune har ansvar for oppfølging av saker som gjeld ulovleg forsøpling. Vi har inngått samarbeidsavtale med BIR for å handtere desse sakene.
BIR sine oppgåver er å registrere forsøpling, sørge for opprydding og førebygge ulovleg avfallshandtering, villfyllingar, forsøpling i naturen eller på privat og offentleg eigedom, inkludert fjerning av bil- og båtvrak.
Vidare har BIR ansvar for å følgje opp avfall ved utsalsstader, turistanlegg, utfartsstader med meir (forureiningslova § 35).
BIR kartlegg type avfall og omfang, har dialog med den ansvarlege om rydding, og følgjer eventuelt opp vidare med pålegg.
BIR koordinerer med kommunen, og saman sørger vi for at saka blir følgt opp.
Meld frå om fulle eller forsøpla returpunkt (BIR si nettside)
Skadedyr
Du kan ikkje klage på skadedyr på eigen eigedom med mindre problema skuldast ein privatperson. Du bør uansett forsøke å ta saka opp med vedkommande før du melder til oss.
Meld frå om forsøpling/forureining/skadedyr
Meldinga blir formidla til rett instans, avhengig av kva ho gjeld. Du kan melde frå anonymt.