Parkering i Os sentrumDet er innført betalingsløysingar på fem kommunale parkeringsplassar på Osøyro. Reglane er litt ulike frå plass til plass. Under finn du ei oversikt over parkeringstider, betalingsløysingar, tal på gratistimar og korleis du går fram viss du vil leige fast parkeringsplass for ein månad eller eit år. Kva reglar gjeld kvar? Ved Rådhuset Skiltgjenkjenning. Registreringsnummeret blir registrert av kamera ved inn- og utkøyring. 2 timar gratis parkering per døgn, deretter kr 20 per time. Står du kortare enn 2 timar, treng du ikkje føreta deg noko. Parkeringstida blir automatisk avslutta når du køyrer ut. Står du lenger en 2 timar, betalar du i appen UNUM eller med Vipps/kort på automaten, eller du får papirfaktura i posten. Parkeringstida startar 15 minutt etter at du har køyrt inn. Du kan altså køyre gjennom parkeringsplassen eller stoppe for av- og påstigning utan at det blir registrert som parkeringstid. Merk! Berre ei gratis parkering per døgn. Har du stått f.eks. ein time og køyrer ut, må du betale frå innkøyringstidspunktet dersom du kjem tilbake og parkerer same dag. Nytt parkeringsdøgn begynner ved midnatt. Natt: Kvardagar mellom klokka 18 og 6 er parkeringa gratis. Helg: Laurdag, søndag og heilagdagar er det betalt parkering mellom klokka 9 og 15. Dei to første timane er gratis, deretter er prisen i dette tidsrommet 20 kroner per time. Mellom klokka 15 og 9 i helger (laurdag og søndag) og på heilagdagar er parkeringa gratis.Berre ei gratisparkering per døgn.Maksimal døgnpris er 150 kroner. Giskavollen parkeringshus Skiltgjenkjenning. Registreringsnummeret blir registrert av kamera ved inn- og utkøyring. 2 timar gratis parkering per døgn, deretter kr 20 per time. Står du kortare enn 2 timar, treng du ikkje føreta deg noko. Parkeringstida blir automatisk avslutta når du køyrer ut. Står du lenger en 2 timar, betalar du i appen UNUM eller med Vipps/kort på automaten, eller du får papirfaktura i posten. Merk! Berre ei gratis parkering per døgn. Har du stått f.eks. ein time og køyrer ut, må du betale frå innkøyringstidspunktet dersom du kjem tilbake og parkerer same dag. Nytt parkeringsdøgn begynner ved midnatt. Abonnement: Du kan reservere fast parkeringsplass. Velg plass og betal i appen UNUM. Kr 600 per månad, kr 6000 per år. Natt: Kvardagar mellom klokka 18 og 6 er parkeringa gratis. Helg: Laurdag, søndag og heilagdagar er det betalt parkering mellom klokka 9 og 15. Dei to første timane er gratis, deretter er prisen i dette tidsrommet 20 kroner per time. Mellom klokka 15 og 9 i helger (laurdag og søndag) og på heilagdagar er parkeringa gratis.Berre ei gratisparkering per døgn.Maksimal døgnpris er 150 kroner Byvegen 2 Skiltgjenkjenning. Registreringsnummeret blir registrert av kamera ved inn- og utkøyring. 2 timar gratis parkering per døgn, deretter kr 20 per time. Står du kortare enn 2 timar, treng du ikkje føreta deg noko. Parkeringstida blir automatisk avslutta når du køyrer ut. Står du lenger en 2 timar, betalar du i appen UNUM eller med Vipps/kort på automaten, eller du får papirfaktura i posten. Merk! Berre ei gratis parkering per døgn. Har du stått f.eks. ein time og køyrer ut, må du betale frå innkøyringstidspunktet dersom du kjem tilbake og parkerer same dag. Nytt parkeringsdøgn begynner ved midnatt. Abonnement: Du kan reservere fast parkeringsplass. Velg plass og betal i appen UNUM. Kr 600 per månad, kr 6000 per år. Natt: Kvardagar mellom klokka 18 og 6 er parkeringa gratis. Helg: Laurdag, søndag og heilagdagar er det betalt parkering mellom klokka 9 og 15. Dei to første timane er gratis, deretter er prisen i dette tidsrommet 20 kroner per time. Mellom klokka 15 og 9 i helger (laurdag og søndag) og på heilagdagar er parkeringa gratis.Berre ei gratisparkering per døgn.Maksimal døgnpris er 150 kroner Oseana Skiltgjenkjenning. Registreringsnummeret blir registrert av kamera ved inn- og utkøyring. 9 timar gratis parkering per døgn, deretter kr 20 per time. Står du kortare enn 9 timar, treng du ikkje føreta deg noko. Parkeringstida blir automatisk avslutta når du køyrer ut. Står du lenger enn 9 timar, betalar du i appen UNUM eller med Vipps/kort på automaten, eller du får papirfaktura i posten. Parkeringstida startar 15 minutt etter at du har køyrt inn. Du kan altså køyre gjennom parkeringsplassen eller stoppe for av- og påstigning utan at det blir registrert som parkeringstid. Merk! Berre ei gratis parkering per døgn. Har du stått f.eks. ein time og køyrer ut, må du betale frå innkøyringstidspunktet dersom du kjem tilbake og parkerer same dag. Nytt parkeringsdøgn begynner ved midnatt. Abonnement: Du kan reservere fast parkeringsplass. Velg plass og betal i appen UNUM. Kr 600 per månad, kr 6000 per år. 9-timarsregelen gjeld heile døgnet, sju dagar i veka. Maksimal døgnpris er 150 kroner Fjellheim Gratis parkering 9 timar per døgn, deretter kr 20 per time. Laurdag og søndag gratis kl. 00-24Ved Fjellheim må du registrere all parkering i appen EasyPark. Det er fordi det ikkje er skiltgjenkjenning her, slik det er på dei andre parkeringsplassane. Abonnement: Du kan reservere fast parkeringsplass. Velg plass og betal i appen UNUM. Kr 600 per månad, kr 6000 per år. HC-parkering Med parkeringsløyve for forflytningshemma kan du parkere på parkeringsplassar reservert for forflytningshemma.I tillegg gir løyvet deg rett til å parkere gratis på dei fem avgiftsbelagte kommunale parkeringsplassane. Last ned UNUM-appen, og registrer HC-kortet ditt i appen. Her finn du informasjon om kven som kan søke HC-kort, og korleis du går fram. Har du spørsmål? Kontakt VestPark AS VestPark AS driftar parkeringsløysingane for Bjørnafjorden kommune. For support i UNUM-appen, betaling for parkering eller reglar som gjeld for parkering, kontakt VestPark ASTelefon: 55 60 29 00Epost: kundesenter@vestpark.no Sist endra 09.10.2024 13:21