Søk parkeringsløyve for forflyttingshemma

Parkeringsløyvet skal vere eit hjelpemiddel for personar som grunna vesentleg nedsett rørslehemming har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader.

For å få parkeringsløyve er det ikkje tilstrekkeleg å påvise ein sjukdomstilstand som avgrensar rørsleevna. Det er også eit krav at at det ordinære parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg for å dekke behova dine. 

Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.

Før du fyller ut søknaden, tenk godt gjennom:

  • Kor har du problem med å parkere, og kor ofte er du der? Ver spesifikk og oppgi gatenamn og adresse. Vi undersøker alle stadar kor vi blir gjort merksame på parkeringsproblematikk.
  • Kvifor det er vanskeleg å parkere der?
  • Kva slags parkeringsplassar finst det der?
  • Kva er det som gjer at du ikkje kan nytte dei ordinære plassane?
  • Korleis vil eit parkeringsløyve konkret hjelpe deg på desse bestemte plassane?

Søk parkeringsløyve for forflyttingshemma

Kven kan søke om parkeringsløyve?

Både førar og passasjer kan søke om parkeringsløyve for forflyttingshemma når dei oppfyller følgande vilkår:

  • Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstandar.
     
  • Du må kunne dokumentere eit særleg behov for parkeringsløyvet ved bustad, arbeid/skule eller i samband med regelmessig medisinsk behandling

 

Slik søkjer du

Skjemaet gjeld både deg som søker for første gong og for deg som skal fornye løyvety

Du kan søke digitalt her: Søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma '

Har du behov for å lagre undervegs i utfyllinga, trykker du på "lagre". Du vil finne søknaden du har starta på , på sida "mine skjema". Etter at skjema er ferdig utfylt trykker du på "Send". Den går da digitalt til Avdeling for forvaltning og koordinering.

Papirsøknad: søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma (PDF, 227 kB)

Legg ved:

  • Legeerklæring - skal fyllast ut av lege og leggast ved søknaden. Legeerklæringa skal vere fylt ut med opplysningar om din medisinske situasjon, diagnose, kor mange meter du er i stand til å gå utan/med hjelpemiddel, og om du brukar krykker, stokk, rullator eller rullestol. Legerklæringa utgjer det medisinske grunnlaget for vurderinga av søknaden din.
  • Søker du som førar, må du legge ved kopi av begge sider av gyldig førarkort. Er du fylt 75 år, må du legge ved kopi av gyldig førarkort som er fornya av Statens vegvesen etter at helseattest er lagt fram.
  • Søker du som passasjer, skal du legge ved kopi av ID-kort.
  • Er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege, så legg ved dokumentasjon på dette.
  • Viss kjøretøyet ditt har rullestolheis eller skinner, må du legge ved dokumentasjon frå til dømes ombyggjar eller leverandør eller eit bilete der også registreringsnummer viser.

Send søknaden med legeattest og nødvendige vedlegg til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan òg levere søknaden i Kommunetorget på rådhuset i Os eller på Kommunetunet i Eikelandsosen.

Har du parkeringsløyve og skal fornye det?
Ver ute i god tid, og send inn ny søknad med nødvendige vedlegg seinast ein til to månader før det løyvet ditt går ut.

Slik prioriterer vi søkarar

Det er få parkeringsplassar tilgjengelege berre for forflyttingshemma. Difor er vi strenge på kven som skal få parkeringsløyve.

Desse blir prioriterte

  • Søkarar som har rullestolheis eller rampe i bilen 
  • Søkarar med behov for parkeringslette i samband med arbeid/skule eller bustad
  • Søkarar som ofte er på helserelaterte besøk, der det er vanskeleg å parkere («Anna aktivitet» på søknadsskjemaet)

Desse blir ikkje prioriterte

  • Søkarar som berre enkelte gongar har behov for parkeringslette
  • Søkarar som primært har behov i samband med handling og sosiale aktivitetar
  • Søkarar som i hovudsak kan nytte ordinære parkeringsplassar
  • Søkarar som har andre alternative løysingar

Medisinsk vurdering

Legen si tilråding når det gjeld vurdering av din medisinske situasjon blir ikkje overprøvd av kommunen, men legeerklæringa utgjer berre det medisinske grunnlaget for vurderinga.

Særleg behov

Forskrifta stiller to likeverdige krav. Ved sida av å ikkje kunne gå eller å ha vanskar med å bevege seg over lengre avstandar (medisinsk grunngitt og dokumentert ved legeerklæring), så må søkar også ha eit særleg behov for parkeringslette. Ved vurdering av særleg behov for parkeringslette, har Vegdirektoratet i retningslinene uttalt at vi må vurdere:

  • dei konkrete stadane som du må oppsøke
  • om du ikkje kan nytte dei ordinære plassane
  • kor ofte du har dette behovet
  • om problemet kan løysast på annan måte

Grunnlag for vår vurdering

Søker du som passasjer?

Det skal mykje til før ein passasjer får parkeringsløyve til passasjer, sjølv om vilkåra i forskrift om parkering for forflytningshemmede framstår som like for førar og passasjer. Passasjeren kan gå av og stige på, medan førar parkerer bilen på ordinær plass. Når det er nødvendig kan føraren følge passasjeren inn til framkomststaden (t.d. inn på venterom) før han går ut att og flyttar bilen.

Løyve til passasjer blir tildelt i dei tilfella der vedkomande vanskeleg kan forlatast utan tilsyn, sjølv for kortare tid. Til dømes sterkt psykisk utviklingshemma, små barn og andre som ikkje kan ta vare på seg sjølve.
Dette må gå fram av legeerklæring og søknad.

Bruk av parkeringsløyvet
  • Kortet skal ved parkering liggja godt synleg bak frontruta for kontroll
  • Parkeringsløyvet er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn deg som eig kortet. Parkeringsløyvet gjeld deg som person, ikkje bilen, og eigar av kortet må alltid vere med i bilen. Misbruk vil medføre inndraging av kortet, og melding til politiet vil bli vurdert.
  • Du må levere inn løyvet når du ikkje lenger disponerer bil, eller når forhold som var grunnlag for tildelinga ikkje lenger er til stades. Løyvet må også leverast inn når kortet ikkje lenger er gyldig. Kommunen kan trekke tilbake parkeringsløyvet ved misbruk eller endra forhold som gjer at vilkåra for parkeringsløyvet ikkje lenger er oppfylte.
  • Tapt eller stole kort skal meldast til politiet. Kopi av tapsmelding/politimelding og nytt bilete skal leverast til Bjørnafjorden kommune v/avd. forvaltning og koordinering
Kva skjer vidare med søknaden?
  • Det er bustadkommunen til den forflyttingshemma som kan gi parkeringsløyve.
  • Løyvet gjeld i eit avgrensa tidsrom, minimum 2 år og maksimalt 5 år. Det er òg mogleg å søke om løyve for ein kort periode.
  • Løyvet er personleg. Både namn og bilete vil bli plasserte på løyvet.
  • Du vil få svar i posten innan ein månad.
  • Dersom vi treng fleire opplysningar eller dokumentasjon i saka, vil vi ta kontakt med deg.
  • Søknaden blir avgjort innan fire veker frå den datoen vi har tilstrekkeleg informasjon til å gjere eit rett vedtak.
  • Dersom vi ikkje får tilstrekkeleg informasjon, vil søknaden bli avvist
Klage på vedtak

Dersom du meiner det er gjort feil i behandlinga av søknaden din, kan du klage på vedtaket.

Klage på vedtaket

Dersom du vil klage ved å sende inn på papir, sender du denne til: Bjørnafjorden kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen

 

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072