Informasjon til røyrleggarar
Installasjon skal skje i samsvar med Bjørnafjorden kommune sin rettleiar for installasjon av vassmålar. (PDF, 157 kB)
Tilbakeslagsventil, filter og kranar blir levert av røyrleggar.
Send inn skjema for registrering av vassmålar etter montering.
Bjørnafjorden kommune har rammeavtale med firmaet Heidenreich for levering av vassmålar med konsoll. Vassmålaren er Sensus iPERL, og denne blir levert i storleikane 3/4¨, 1¨ og 1 ½¨. Sjå monteringsrettleiar for Sensus iPERL (PDF, 2 MB)
Slik bestiller du
Bestill vassmålar
Røyrleggaren vil motta ein kopi av ferdig utfylt bestillingsskjema på e-post, som fungerer som ein rekvisisjon. Denne må han levere i butikken eller sende på e-post:
I butikk:
På e-post
For levering av vassmålar til vald adresse: birgitte.raa@heidenreich.no eller dani.aasheim@heidenreich.no
Leveringstid er 2-7 dagar. Ved bestilling av meir enn 5 vassmålarar, kan leveringstida vere lengre.
Kommunen leverer berre vassmålarar, utstyr for montering må tiltakshavar bestille og betale separat.