Søk graveløyve og arbeidsvarslingSkal du grave eller utføre anna arbeid på eller i nærleiken av kommunale vegar i Bjørnafjorden? Hugs at du må søke om graveløyve og/eller arbeidsvarsling først.Slik går du fram Retningslinene og søknadsskjema er laga på grunnlag av veglova § 32 med tilhøyrande forskrifter. Lova gjeld over, under eller langs offentleg veg, og innanfor tre meter frå vegkant. Her finn du leidningsforskrifta. Les gjerne rettleiar til leidningsforskrifta. Heile Statens vegvesen si handbok N301 "Arbeid på og ved veg" med tilpasningar er gjeldande for kommunale vegar i Bjørnafjorden kommune.For å søke, treng du vegreferansen til den aktuelle vegen.Vegreferansen finn du ved å klikke på vegen der arbeidet startar og sluttar i dette kartet. SøknadsskjemaFrå 1. oktober 2023 bruker Bjørnafjorden kommune nye skjema for søknad om graveløyve og arbeidsvarslingsplanar Skjema og informasjon finn du i Geomatikk sin ledningsportal. Sist endra 25.01.2024 10:26