FULLTEIKNA: Kva gjer du når uhellet er ute? Bli med på kurs i livreddande førstehjelp til barn

Bjørnafjorden helsestasjon og Os Røde Kors tilbyr 3-timars førstehjelpskurs retta mot deg som har omsorg for barn under 8 år.

Kurset er fullteikna. Det vil bli sett opp nye kurs.

Tid og stad

Torsdag 11. april, kl. 18-21 i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8.

Lær om:

Førstehjelp er som å lære å sykle – du kan ikkje lese deg til det

På kurset vil du få prøve deg på dei ulike førstehjelpstiltaka, lære og trene på hjarte-/lungeredning på både spedbarn og vaksne. Du får òg eit deltakarhefte som du tar med deg heim når kurset er gjennomført.

  • Kva er livreddande førstehjelp?
  • Å ringe etter hjelp
  • Den viktige undersøkinga
  • Skaff frie luftvegar
  • Hjerte-lungeredning
  • Barn og skadar
  • Når barnet er sjukt
  • Blødningar
  • Førebygging
  • Brannskade
  • Forgiftning

Pris

Deltakaravgift kr 300,- Dersom to foreldre deltar på same kurs, kostar det kr 500,- for begge. Når du mottar stadfesting på at du har fått plass på kurset, betaler du på forskot til Vipps 22541.

OBS! Deltakaravgifta blir ikkje refundert om avmelding skjer mindre enn to dagar før kursstart.
 

Kurset er fullteikna.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på e-post: kurs@osrodekors.no