Kva gjer du når uhellet er ute? Bli med på kurs i livreddande førstehjelp til barn

Nytt grunnkurs 14. april 2026.

Bjørnafjorden helsestasjon og Os Røde Kors tilbyr 3-timars førstehjelpskurs retta mot deg som har omsorg for barn under 8 år.

Tid og stad

Tysdag 14. april 2026, kl. 18-21 i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8.

  • Førstehjelp er som å lære å sykle – du kan ikkje lese deg til det

    På kurset vil du få prøve deg på dei ulike førstehjelpstiltaka, lære og trene på hjarte-/lungeredning på både spedbarn, barn og vaksne, samt bruk av hjartestartar. 
    Du får òg eit deltakarhefte som du tar med deg heim når kurset er gjennomført.

Lær om:

  • Kva er livreddande førstehjelp?
  • Barn –ei utfordring. Kommunikasjon/vurdering ulikt frå vaksne
  • Å ringe etter hjelp
  • Den viktige undersøkinga
  • Skaff frie luftvegar/bevisstlaus/sideleie
  • Hjarte-lungeredning for spedbarn, barn og vaksne. Bruk av hjartestartar
  • Barn og skadar
  • Når barnet er sjukt
  • Blødningar
  • Førebygging
  • Brannskade
  • Forgiftning

Pris

Deltakaravgift kr 300,- Dersom to foreldre deltar på same kurs, kostar det kr 500,- for begge. Når du mottar stadfesting på at du har fått plass på kurset, betaler du på forskot til Vipps 22541.
OBS! Deltakaravgifta blir ikkje refundert om avmelding skjer mindre enn to dagar før kursstart.

Meld deg på

Har du spørsmål?

Ta kontakt på e-post: kurs@osrodekors.no