For å greia å nå dette målet, driv vi førebyggande arbeid. Vi har beredskapsplanar og ein beredskapsorganisasjon for å handtera uønskte hendingar som oppstår. Beredskapsorganisasjonen øver regelmessig, slik at vi kan mobilisera så raskt og effektivt som mogleg ved ein krisesituasjon.
Nødetatar
Nødetatane våre - brann, politi og helse - rykker ut og tek seg av dei uønskte hendingane der dei skjer rundt omkring i kommunen. Dei utgjer det ordinære hjelpeapparatet vårt.
Kommunal kriseleiing - KKL
KKL blir etablert ved hendingar som krev meir enn ordinære rutinar og redningsteneste, som berører fleire område og krev samordning, som rammar kritiske funksjonar i samfunnet, som har store konsekvensar, og som skaper frykt eller bekymring i befolkninga.
KKL koordinerer og leiar kommunen sin innsats og har det strategiske ansvaret ved slike hendingar. KKL skal ivareta overordna interesser og sørga for at kommunen greier å oppretthalda drifta si på viktige område også i ein krisesituasjon.
KKL er organisert etter stabsmodell med faste roller og funksjonar. KKL blir leia av kommunedirektøren. Dei andre funksjonane er nestleiar (kommunalsjef for Oppvekst - med kommunalsjef for Helse og velferd og kommunalsjef for Samfunnsutvikling som 2. og 3. nestleiar), skadestadskontakt (brannsjef med kommuneoverlegen som vara), ansvarlege for personell (HR-sjef med personalleiar som vara), logistikk (leiar SVA med rådgivar SVA som vara) og informasjon (kommunikasjonsrådgivarar). Ordførar er med som politisk vald representant, og representerer kommunen ut mot innbyggarar og media.
Psykososialt kriseteam
Psykososialt kriseteam skal sørga for oppfølging og støtte i akuttfasen til menneske og lokalsamfunn som blir ramma av kriser og uønskte hendingar. Det ordinære hjelpeapparatet i kommunen har ansvar for vidare oppfølging. Psykososialt kriseteam skal òg bemanna pårørandetelefon, når det er behov for at kommunen opprettar det.
Sjå psykososialt kriseteam si eiga side.
Beredskapsråd
Bjørnafjorden beredskapsråd er eit samarbeidsorgan for kommunale og statlege myndigheiter, privat næringsliv og frivillige lag og organisasjonar som arbeider med samfunnssikkerheit og beredskap. Rådet skal vera eit forum for informasjonsutveksling og for å klargjera ansvars- og rolledeling mellom eksterne samarbeidspartar og den kommunale kriseleiinga. Det blir leia av ordføraren.