Kriseteamet

Bjørnafjorden kommune sitt kriseteam gir støtte og oppfølging til personar som har akutt behov for hjelp i samband med uventa dødsfall, kriser og ulukker.

Kriseteamet består i utgangspunktet av lege, psykiatrisk sjukepleiar, sosionom, helsesjukepleiar, prest og personar frå brannvesenet og politi. Vi koplar inn fagfolk frå ulike område, avhengig av kva dei berørte har behov for.

Dersom det er behov for oppfølging over lengre tid, viser kriseteamet vidare til andre i kommunen sitt hjelpeapparat eller spesialisthelsetenesta.

Slik kontaktar du psykososialt kriseteam

Ring 47 51 21 20. Telefonen blir betjent av legevakta. 

Her finn du nummer til ulike vakttelefonar