Digital heimeteneste: Rettleiing og oppfølging gjennom skjerm

Heimetenester i Bjørnafjorden kommune kan bli gitt digitalt, dersom det er rett for deg og i din situasjon. Gjennom videosamtale får du rettleiing og oppfølging av helsepersonell på ein trygg og enkel måte.

Canva KI

Kva er digital heimeteneste?

  • Eit tilbod til deg som treng regelmessig helsefagleg oppfølging, men ikkje nødvendigvis fysiske besøk.
  • Du får låne ein skjerm av oss og opplæring i korleis du brukar han. Skjermen er svært enkel å bruke, og du treng ikkje ha erfaring med bruk av digitale løysingar frå før.
  • Vi ringer deg opp på skjermen til avtalt tid. Du ser og snakkar med dei tilsette direkte, og får rettleiing og oppfølging av helsepersonell på ein trygg og enkel måte.
  • Helsepersonell kan blant anna følgje opp helsetilstanden din, og rettleie deg i å utføre helsehjelp og daglege gjeremål.
  • Vi ringer deg opp på skjermen til avtalt tid. Du ser og snakkar direkte med dei tilsette.
  • Målet er at du får trygg og god hjelp på best mogleg måte, og at du får støtte til å meistre eigen kvardag og eiga helse.

Heimetenester i Bjørnafjorden kommune kan bli gitt fysisk eller digitalt, eller som ein kombinasjon av begge måtar. 

Digital og fysisk heimeteneste samarbeider tett, slik at du får den oppfølginga og hjelpa du treng. Målet er at du får trygg og god hjelp på best mogleg måte, og at du får støtte til å meistre eigen kvardag og eiga helse.

NB! Digital heimeteneste er eit dagtilbod (kl.8-15). Ved behov for hjelp på kveld, helg og heilagdagar, får du fysisk besøk. Digital heimeteneste erstattar ikkje hjelp der det er behov for at helsepersonell er fysisk til stades.

Kven kan digital heimeteneste passe for?

  • Digital heimeteneste passar for deg som greier å utføre helsehjelp sjølv, under rettleiing og observasjon via skjerm. 
  • Tenestemottakaren må sjølv samtykke til å få tenesta digitalt.

Kva oppgåver kan digital heimeteneste løyse?

Døme på oppgåver

Korleis få digital heimeteneste?

Digital heimeteneste er eit tilbod til både eksisterande og nye tenestemottakarar.

Mottar du heimetenester i dag?

Dersom vi vurderer at digital heimeteneste kan vere eit godt tilbod til deg, tar vi kontakt med deg og dine pårørande for ein prat om dette.

Mottar du ikkje heimetenester i dag?

For å få heimetenester, må du først søkje.

Avdeling for forvaltning og koordinering avgjer om du fyller kriteria for å få tenesta. Deretter avgjer du og vi i heimetenestene saman korleis du skal motta desse tenestene – fysisk eller digitalt, eller som ein kombinasjon.