Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som treng helsehjelp, pleie, rettleiing, opplæring eller oppfølging på grunn av sjukdom eller funksjonsnivå.

Tenesta tar utgangspunkt i måla dine, og kva evne og føresetnader du har for å ivareta eigenomsorg. Heimesjukepleia vil legge til rette for at du skal klare mest mogleg sjølv, slik at du kan halde fram med å bu heime.

Heimesjukepleia kan hjelpe deg med:

  • Rettleiing for å auke eiga meistring i kvardagen
  • Opplæring i bruk av hjelpemiddel
  • Oppfølging av ernæring
  • Å ta vare på eiga helse, t.d. sårbehandling og medisinoppfølging
  • Hjelp til personleg hygiene
  • Omsorg og pleie ved livets slutt

Du kan få heile eller delar av tilbodet digitalt. Korleis tenesta blir levert, blir avgjort i samarbeid med heimetenestene.

Les meir om digital heimeteneste her

Kven kan få tilbodet?

Du kan få innvilga heimesjukepleie dersom helsetilstanden eller funksjonsevna tilseier at du

  • ikkje sjølv kan dekke grunnleggande pleie- og omsorgsbehov
  • ikkje kan nytte multidoseordning som du sjølv har ordna via apotek
  • ikkje kjem deg til fastlegen for t.d. injeksjonar eller sårstell
Dette kan du forvente av oss i heimesjukepleia
Dette forventar vi i heimesjukepleia av deg
Lovgrunnlag

Slik søkjer du

Fyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)

eller bruk søknadsskjema for helse- og velferdstenester  (DOCX, 63 kB)

  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt
  • Dersom du mottar hjelp frå to eller fleire instansar i kommunen, kan det vere aktuelt med individuell plan eller koordinator.
  • I samband med søknaden din treng vi vanlegvis å kartlegge funksjon og moglegheit for tilrettelegging i heimen din.
  • Hjelpebehovet ditt blir jamleg vurdert av fagpersonar i heimetenestene. Tilbodet kan reduserast eller aukast dersom det er endringar i behovet ditt.
  • Dersom vi er inne i heimen din med tenester over tid, ønskjer vi at det blir inngått ein pårørandeavtale for tydeleg rolleavklaring.

Kva kostar tenesta?

Du betaler ikkje eigendel for heimesjukepleie.

Avdeling for forvaltning og koordinering i Bjørnafjorden kommune er ansvarleg for kartlegging, saksbehandling, vedtak og forvaltning, medan heimetenestene er ansvarlege for den praktiske gjennomføringa av tenesta.

Slik kontaktar du heimesjukepleia

Send melding via helsenorge.no

Du som får heimesjukepleie, kan logge inn på helsenorge.no for å sende meldingar til heimetenestene i Bjørnafjorden kommune. Her kan du sjå oversikt over planlagte og gjennomførte heimebesøk, i tillegg til å avbestille heimebesøk dersom du er bortreist. Dette kan òg pårørande gjere for deg, ved at du gir dei fullmakt. Sjå korleis du går fram på helsenorge.no.

Send oss melding via Helsenorge

Telefon

Her finn du oversikt over telefonnummer og telefontider for avdelingane i heimetenestene

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072