Tilbodet er basert på behandlingsforma kognitiv åtferdsterapi.
Kognitiv åtferdsterapi handlar om samanhengen mellom tankar, handlingar og følelsar. Saman med terapeuten jobbar du med eigne utfordringar og du lærer nyttige verktøy til bruk i kvardagen.
Eit viktig mål er å bryte dei sjølvforsterkande vonde sirklane som opprettheld psykiske helseproblem.
For meir informasjon om kognitiv åtferdsterapi, sjå Kognitiv terapi | Norsk forening for kognitiv terapi
Dette er tilbodet i Rask psykisk helsehjelp:
Behandlinga er kurs, rettleia sjølvhjelp og i nokre tilfelle individuelle samtalar.
Eit behandlingsprogram varer i om lag 6-8 veker. For at du skal ha effekt av tilbodet, er det viktig med eigeninnsats og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen din.
Målet er å gi deg tidleg behandling og hjelp for å førebygge utvikling av sjukdom.
Tilbodet er gratis.
Kurs: Forstå følelsane dine
Kurset er basert på kognitiv åtferdsterapi, og handlar om å forstå angst, depresjon, søvnvanskar og andre aktuelle tema.
Les meir om kurset
Depresjon: Kjenner du deg trist og kraftlaus, og brukar mykje tid på grubling og bekymring?
Dette er eit gruppetilbod til deg som kjenner deg trist og nedstemt, har lite energi og brukar mykje tid på grubling og bekymring.
Les meir om tilbodet
Rettleia sjølvhjelp
Rettleia sjølvhjelp er eit digitalt behandlingsprogram der du arbeider heime, samtidig som du får rettleiing frå ein terapeut, på telefon eller oppmøte, kvar veke.
Les meir om rettleia sjølvhjelp
Individuelle samtalar
I nokre tilfelle vil det vere hensiktsmessig med individuelle samtalar ved oppmøte hos terapeut.
Eit behandlingsprogram varer i om lag 6-8 veker.
Tilbodet passar for deg som:
- Slit med overdriven grubling og bekymring
- Er trist eller nedstemt
- Opplever at angst og indre uro begrenser deg
- Opplever stress og belastning i kvardagen
Tilbodet er ikkje eigna dersom du:
- Har behov for akutt helsehjelp
- Står i ei akutt livskrise
- Har behov for langvarig behandling
- Mottar anna psykisk helsehjelp
Ved behov for akutt helsehjelp, ta kontakt med fastlegen din eller legevakta på telefon 116117.
Er dette aktuelt for deg?
Send oss en førespurnad (du må logge på skjemaet med BankID):
Du kan òg ringe telefon 474 67 473, måndagar og onsdagar kl. 12-14. Du kan ikkje sende SMS til dette nummeret.
Om du ikkje har moglegheit for å fylle ut digitalt skjema, går det an å ta kontakt på e-post: rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no
Vi jobbar i Rask psykisk helsehjelp i Bjørnafjorden:
RPH-teamet i Bjørnafjorden kommune, frå venstre: Kognitiv terapeut/ psykolog Siren Jermann Bjørstad, kognitiv terapeut/klinisk sosionom Audun Røren, kognitiv terapeut/sjukepleiar Ane Rørvik, kognitiv terapeut/spesialsjukepleiar Hildegunn Breivik og kognitiv terapeut/spesialsjukepleiar Maren Millen Assev.Fortel om erfaringa si med Rask psykisk helsehjelp
Bjarte Samnøy og Ying Hu Henskens fekk hjelp gjennom Bjørnafjorden kommune sitt tilbod Rask psykisk helsehjelp.
- Eg trudde eg var null verd, seier Bjarte Samnøy. Etter at han fekk livet snudd på hovudet av ei alvorleg motorsykkelulukke, blei kvardagen tung og tankane om framtida mørke. Då bad Bjarte om hjelp til å få det betre - og det fekk han.
Ying Hu Henskens møtte veggen og blei sjukmeld då mannen hennar fekk ein alvorleg sjukdom. Fastlegen tipsa henne om Rask psykisk helsehjelp. - Verktøya eg har fått hjelper meg å sortere tankane mine i kvardagen, slik at eg greier å snu dei negative tankane, seier Ying.
Du kan sjå heile intervjuet med Bjarte og Yin og resten av innslaget om Rask psykisk helsehjelp på YouTube