Gruppebehandling med tema: Depresjon

Lauv på skinnegang - Klikk for stort bilete Unsplash

Dette er eit tilbod til deg som kjenner deg trist og nedstemt, har lite energi og brukar mykje tid på grubling og bekymring.

Om tilbodet

Vi brukar kognitiv åtferdsterapi i behandlinga. Du vil få tilgang til eit digitalt sjølvhjelpsprogram, les meir om dette her: Mestringsverktøy – Assistert Selvhjelp

Gruppa vil ha 6-10 deltakarar og møtest fem gonger. Det vil vere heimeoppgåver mellom kvar gong. 
For å ha best mogleg effekt av tilbodet, er det viktig med eigeninnsats og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen.

Gruppeleiarar: Siren Jerman Bjørstad, psykolog og Maren M. Assev, kognitiv terapeut.

Tid og stad

Onsdagar, kl. 8.30-10.15
Dragesetbygget, 2. etasje, Torggata 7, Osøyro.

Kursdatoar 2024

Datoar kjem.

Slik melder du deg på

Send ein e-post med namn og telefonnummer til rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no 
Vi tar kontakt med deg for ein kartleggingssamtale. 

NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søkjer hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.  Dette kan vi snakke om når vi tar kontakt med deg.