Ergoterapi for vaksne og eldre

Vaksne som har vanskar med å utføre daglege gjeremål kan få undersøking og vurdering av ergoterapeut i kommunen. Vi treffest i våre lokalar på Luranetunet, på Fusa-bu og behandlingssenter, i institusjonar eller på heimebesøk.

Kven kan få tilbodet?

Vaksne og eldre over 18 år som har ulike utfordringar med å utføre aktivitetar, kan få hjelp. Årsak til aktivitetsvanskar kan vere sjukdom, skade eller lyte som er medfødt eller erverva.

Døme på årsaker til behov kan vera:
•    Kognitive vanskar 
•    Bevegelsesvanskar 
•    Sansetap 
•    Psykiske eller psykososiale vanskar
•    Samansette vanskar
•    Akutt sjukdom

Ergoterapi tar utgangspunkt i den det gjeld sine ønske og behov. Ergoterapeuten kan bidra i rådgiving og tilrettelegging for deltaking og aktivitet. Målet er at personen skal kunne delta i kvardagslivet på eigne premiss.
Mange har samansette vanskar med behov for tverrfagleg oppfølging. Ergoterapeutane samarbeider ofte med faggrupper/avdelingar som for eksempel fysioterapeutar, heimetenesta, legar, sjukehus, hjelpemiddelsentralen mm. 

Kva kan du få hjelp til?

•    Kartlegging av funksjon og ressursar.
•    Trening/rettleiing/ tilrettelegging av aktivitetar i dagleglivet (ADL).
•    Rådgiving og tilrettelegging av omgivnader, som bustad, arbeidsplass og skuler.
•    Vurdering og rettleiing av finmotorikk.
•    Rådgiving/rettleiing til samarbeidspartnarar og pårørande.
•    Formidling av tekniske hjelpemiddel for meistring av daglege aktivitetar.

Slik søker du 

Ergoterapi er eit lågterskeltilbod. Dette inneber at du ikkje treng tilvising frå lege, men kan søke sjølv.
Du, dine pårørande eller andre tenester som du har kontakt med kan søke om tenesta. For at vi skal vite kva du treng hjelp til, må de fylle ut søknadsskjema. 

Søk om ergoterapi

Her finn du søknadsskjema på papir (DOCX, 94 kB)

Fyll ut og skriv ut skjemaet og send til ei av desse adressene, avhengig av kvar i kommunen du bur:

Bjørnafjorden kommune
Ergo-/fysioterapitenesta 
Solstrandvegen 39
5200 OS

Bjørnafjorden kommune
Ergo-/fysioterapitenesta 
Leitet 28
5640 EIKELANDSOSEN

Pris

Ergoterapi er gratis.

Kva skjer vidare?

Du får enten ein telefon for å avtale time, eller ei innkalling i posten om når ergoterapeuten har ledig tid til deg. Du vil få tilsendt brev om forventa ventetid. Vi opplever til tider stor pågang på tenesta som kan resultere i lengre ventetid. 

Kontakt

Ergoterapitenesta i Bjørnafjorden kommune
Telefon: 90200133